LIA Sápmi - Sámegiela hállangiellakorpus

LIA Sápmi - Sámegiela hállangiellakorpus inneheld opptak og transkripsjonar frå nordsamiske område. 

Bildet kan inneholde: font.

Korpuset har 122 informantar frå 19 stader og nesten 190 000 ord. Korpuset er ordklassetagga av Giellatekno.

Korpuset er eitt av resultata frå infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible), som er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket. Hovudmålet for prosjektet er å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribere og annotere dei og leggje dei inn i databasar slik at dei kan revitaliserast som verdifullt forskingsmateriale.

Korpuset er fritt tilgjengeleg for forsking. Logg inn med Feide eller eduGAIN. (Kontakt Tekstlaboratoriet dersom du treng eit anna innloggingsalternativ.)

Les meir på heimesida til LIA.

 

Søk i korpuset

 


Tekstlaboratoriet

 

Publisert 4. feb. 2019 10:36 - Sist endret 20. nov. 2019 15:21