LIA norsk - korpus av eldre dialektopptak

LIA norsk inneheld opptak og transkripsjonar av eldre dialektopptak frå fire norske universitet. Korpuset har heile 1374 informanter frå 226  kommunar i Noreg, i alt ca 3,5 millionar ord.

LIA norsk er utvikla av Tekstlaboratoriet ved ILN, Universitetet i Oslo, og tagga med ein nyutvikla talemålstaggar for nynorsk talemål.

Korpuset er eitt av resultata frå infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible), som er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket. Hovudmålet for prosjektet er å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribere og annotere dei og leggje dei inn i databasar slik at dei kan revitaliserast som verdifullt forskingsmateriale.

Korpuset er fritt tilgjengeleg for forsking. Logg inn med Feide eller eduGAIN. (Kontakt Tekstlaboratoriet dersom du treng eit anna innloggingsalternativ.)

Les meir på heimesida til LIA.

 

Søk i korpuset

 


Tekstlaboratoriet

 

Publisert 22. juni 2018 12:53 - Sist endret 13. sep. 2019 14:28