Assosiasjonstesten

Ein assosiasjonstest er ei friare måte å kartlegge leksikalsk prosessering på enn klassiske ordfinningstestar. Ein ny norsk assosiasjonstest vart utvikla i 2015, og ein kortversjoon av denne er for tida under utprøving på normalspråklege yngre og eldre med norsk som første- eller andrespråk, og på personar med demens.

I ein assosiasjonstest får deltakaren eitt og eitt stikkord, og dei skal svare med det første ordet dei tenkjer på. Svara kategoriserast etter korleis dei knyter seg til stikkorda, i ei av fire overordna kategoriar (tyding, form, kollokasjon eller utan klar kopling), og vidare inn i ei av 14 underkategoriar. 

Det finst to versjonar av den norske ordassosiasjonstesten:

Analyser av resultater frå desse prosjekta viser at tydingsbaserte assosiasjonar er dei vanlegaste uansett alder, men eldre deltakarar kjem oftare med synonym enn yngre. Dei eldre deltakarane som hadde norsk som andrespråk hadde svarmønster som likna yngre meir enn eldre førstespråkstalarar. Deltakarar med demens kom oftare med svar utan noko klar kopling til stikkordet, eller dei svara med ei lengre ytring. Du kan lese meir på denne posteren lagt fram på The Society for the Neurobiology of Language i november 2017.

Publisert 28. juni 2019 23:29 - Sist endret 6. aug. 2020 15:01