Å omsetje ein bestseljar

Møte med Kristin Sørsdal, forfattar og omsetjar frå italiensk til norsk av L’amica geniale (Mi briljante venninne) av Elena Ferrante

Kristin Sørsdal er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal er forfattar og omsetjar. Ho er master i italiensk og omset bøkene til Elena Ferrante til norsk. Ho har i mange år arbeidd som lærar i norsk for flyktningar og innvandrarar, og romanen Mare har grenseforvaltning, murar og Middelhav som tema. Den første romanen hennar Makabre bikkjer er derimot driven av eit sterkt jag etter eros og av frigjerande kvinneraseri. Den andre romanen, Guds hund, er som Mare lagt til ei lita øy midt ute i havet, men i Guds hund ligg øya langs norskekysten og er omgitt av mystikk, ikkje i Middelhavet og omgitt av realisme som i romanen Mare.

Kristin skal møte studentane på ITA1102 – Italienske tekster og skal snakke om sitt arbeid med å omsetje Elena Ferrante til norsk.

Arrangementet skjer på italiensk og alle interesserte er velkomne!

Publisert 20. sep. 2018 15:07 - Sist endret 20. sep. 2018 15:09