English version of this page

Forfattarmuseum i endring

Fortel forfattarmuseum oss eigentleg noko om verket til forfattaren? Kvifor får somme forfattarar eit museum, og andre ikkje?

Om prosjektet

Vi tenkjer ofte på forfattarmuseum som stader for gamaldags hylling av nasjonale heltar, eller berre for fans. Ein finn ofte musea i det som ein gong var ein heim og freistar å formidle ein spesiell aura kring staden og forfattarens tidlegare eigedelar. Men forfattarmuseum er i endring i takt med endringane i korleis vi tenkjer på forfattarar og litteratur.

Forskningsprosjektet "TRAUM - Transforming Author Museums" spør korleis dei endrar seg og korleis dei kan bli i framtida. Korleis kan forfattarmusea gje oss ei betre forståing ikkje berre av livet til ein forfattar, men også skapingsprosessen, litteraturen si rolle, eller (ikkje minst) tekstane til forfattaren? I ei tid som er prega av kulturelt mangfald, korleis bidreg dei til å skape nye typar kulturell identitet? Korleis kan dei bidra til utviklinga av litteraturens rolle i demokratiske samfunn i dag?

Mål

Prosjektet bringar saman teoretisk og praktisk ekspertise i litteratur, historie, museum og turisme. Det skal undersøkje korleis forfattarmuseum tek opp nye måtar å tenkje kring kultur, litteratur og utstillingar.

  • Korleis har rolla til forfattarmuseum vore når det gjeld å skape kulturell identitet og debatt?
  • Har dei teke i bruk eller kunne dei ta i bruk innovative løysingar med omsyn til framstilling av liv og litteratur?
  • Kvifor vitjar folk forfattarmuseum i dag?
  • Kan forfattarmuseum lære av andre måtar litteratur blir utstilt på, og frå nye utstillingsformer generelt?
  • Ein arbeidshypotese er at svara på desse spørsmåla ligg i måten forfattarmusea koplar saman verkelege og litterære rom, tekstar, objekt og lesarar.

Med dette i tankane undersøkjer prosjektet både nynorsk- og bokmålsforfattarar, og både regionale, nasjonale (i Noreg) og internasjonale døme. Målet er også å gje innsikt i litteraturens og humanioras rolle i dagens samfunn.

Finansiering

Prosjektet er støttet av Norges forskningsråd/The Research Council of Norway. Varighet 2016-2019.

Samarbeid

Prosjektet ledes av Høgskulen på Vestlandet og er et samarbeid med Universitetet i Oslo. Prosjektleder er Ulrike Spring, Høgskulen på Vestlandet/Universitetet i Oslo, sammen med Johan Schimanski, Universitetet i Oslo.

Aktiviteter

Prosjektets første åpen symposium fant sted ved Universitetet i Oslo 20. oktober 2016. Se program her.

Prosjektet hadde en internworkshop ved Hamsunsenteret 14.-17. september 2017.

Prosjektkonferansen "Literary Exhibitions and Author Museums: Pasts, Presents and Futures" ble avholdt i Sogndal, 6.-7. September 2018. Se beskrivelse og program her.

I oktober 2018 var Prof. Nicola Watson, Open University, gjesteforsker ved Universitetet i Oslo, og holdte gjesteforedrag.

Våren 2019 planlegges tre offentlige seminarer/debattmøter, ved Perspektivet museum (Tromsø, 21. mai), Nasjonalbiblioteket (Oslo, 28. mai) og ved det Østerrikske nasjonalbibliotekets literaturmuseum (Wien, 25. juni).

Juni 2019 planlegges to gjesteforedrag, av Dr. Helmut Neundlinger, Donau-universitetet i Krems og Hon.-Prof. Dr. Heike Gfrereis, Det tyske litteraturarkivet i Marbach.

Prosjektet har jevnlige lesegrupper om studiet av forfattermuseer i Oslo og i Sogndal.

Mer informasjon

For mer informasjon, se prosjektets hjemmeside traum.hisf.no.

Publikasjoner

Egeland, Marianne. “Bjørnson og Aulestad: «Uadskillelige» Og «Uløselige»? Fortellinger Om En Dikter og Hans Hjem”. Sakprosa 10.1 (2018): 1-38. http://dx.doi.org/10.5617/sakprosa.5837

Egeland, Marianne (2018). “Aulestads besværlige arv: ‘Godviljens høvdingsete’ og ‘nazireir’. Historisk Tidsskrift: 297-315. http://doi.org/10.18261/issn.1504-2944-2018-04-02

Hendrix, Harald. “His Master’s House. Pilgrimages to the Homes and Haunts of Great Italian Authors”, i Matteo Brera og Susanna Grazzini, red., ‘Tu se’ lo mio maestro e ‘l mio Autore’: Dieci studi su ‘authorship’ e intertestualità culturale, Firenze: Cesati, 2017, s. 23-33.

Nath, Atanu, and Parmita Saha. “A Theoretical Positioning of Self and Social Identities as Antecedents in Cultural-Experiential Tourism”. Academica Turistica 10.2 (2017): 115-28. http://academica.turistica.si/index.php/AT-TIJ/article/view/94

Watson, Nicola J. “At Juliet’s Tomb: Anglophone Travel-writing and Shakespeare’s Verona, 1814-1914”, i Silvia Bigliazzi og Lisanna Calvi, red., Shakespeare, Romeo and Juliet, and Civic Life: The Boundaries of Civic Space. New York: Routledge, 2016, pp. 224-237.

Aarbakke, Thea. “Emma & Edvard – Kjærlighet i Ensomhetens Tid. Munchmuseet i Oslo. 28. Januar 2017-17. April 2017”. Nordisk Museologi 1 (2017): 152-56. http://hdl.handle.net/11250/2467436

Emneord: Forfattermuseer, Museer og museologi, Museumstudier, Litteratur, Litteratur og litteraturvitenskap, Kulturhistorie, Historie, Litteraturformidling, Turisme
Publisert 8. juni 2016 10:12 - Sist endret 28. mars 2019 08:05