English version of this page

Tal og fakta

Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo er eitt av dei største og mest mangfaldige fagmiljøa for humaniora i Norden.

ILOS i tal - 2022

Smilende lærer og elev i samtale i seminarrom. Foto
  • 70 vitskaplege årsverk
  • 32 postdoktor- og doktorgradsstipendiatar, årsverk  
  • 17 administrative årsverk
Stor svart bygning med søyler og trær i forgrunnen. Foto
  • 1005 studentar
Fire glade studenter på en gressplen med folk og trapp i bakgrunnen. Foto
  • 2 bachelorprogram
  • 2 masterprogram
  • 8 årseiningar
En rød bygning med en person foran på en snørik, tåkete dag. Foto
  • 8 prosjekt med finansiering frå Norges forskningsråd (NFR)

  • Tverrfagleg satsing: Litteratur, kognisjon og emosjon

  • Senter for slaviske og østeuropeiske studier

Et ryddig kontor med bokhyller og skrivebord. Foto
  • 106 vitskaplege publikasjonar
Sykkelstativ under et tak og trær i bakgrunnen. Foto
  • Total inntekt: 101 millionar kronar

  • Del av budsjettet som er eksternt finansiert: 15 prosent

Eit mangfaldig institutt

Litteratur opnar for eit eineståande innblikk i menneska sine opplevingar og forståing av seg sjølv og verda. Litteraturstudium tilbyr studentane eit teoretisk og metodisk verktøy for å analysere litteratur på ein vitskapleg måte. Vår mangfaldige forsking gjev grunnleggjande innsikt i litteratur og utfordrar rammene for menneskeleg erkjenning og refleksjon. Forskinga omfattar òg dei skiftande historiske vilkår og verdi som litteraturen har i ulike kulturar.

Områdestudium av Europa og Amerika gjev kunnskap om samfunn, kultur og språk frå to kontinent som i lang tid har prega internasjonal politikk, økonomi og kultur. Den faglege breidda innanfor Program for europeiske og amerikanske studium er unik i Norden. Forskinga gjev viktig innsikt i historiske og dagsaktuelle samanhengar i bestemte geografiske område, som til dømes Latin-Amerika eller Russland og dei postsovjetiske arvtakarstatane.

Europeiske språk omfattar dei mest brukte språka i verda, som spansk og engelsk, men òg andre moderne språk og dessutan språk som gjer seg gjeldande i dagens Noreg, som polsk og bosnisk-kroatisk-serbisk. I ei verd prega av kulturell kompleksitet og politiske omskifte er det viktig å kunne språk. Studentane våre lærer ikkje berre å bruke framandspråk, men òg å reflektere over språk og kva språk har å seie i ei globalisert verd.

Forskingsmiljø og formidling

  • ILOS har eit levande forskingsmiljø med ei brei internasjonal samarbeidsflate.
  • Mange av forskarane bidreg til at publikum får innsikt i resultata av forskinga.
  • Studentane dreg nytte av forskingsbasert undervisning.
  • Likeverd, respekt, deltaking og medråderett er mål for arbeidsmiljøet vårt.