Studentutvalet ved IMK

Studentutvalet representerer studentane ved Institutt for medium og kommunikasjon (IMK). Studentutvalet varetar studentinteressene overfor instituttstyret og leiinga.

Talerøyr overfor instituttet

Studentutvalet fungerer som talerøyr for studentane overfor instituttleiinga. Vi har to representantar i instituttstyret og har dermed høve til å påverke kvardagen din som student ved instituttet. Styret er det øvste vedtaksorganet ved instituttet.

  • Utvalet blir valt på nytt kvart semester.
  • Alle studentane på instituttet har høve til å vere med på å avgjere kva utvalet skal jobbe med
  • Studentane er også representerte i programrådet ved instituttet. Programrådet avgjer dei faglege rammene for programma og kvalitetssikrar dei.

Oppgåver

De viktigaste oppgåvene for utvalet:

  • Ta opp studentsaker i instituttstyret
  • Anonym klage på karakter eller kursopplegg
  • Formidle viktig informasjon frå instituttet og instituttutvalet   

Studentutvalet treng deg!

Studentutvalet er alltid på utkik etter nye medlemmar som kan bidra med friske meiningar. Du treng ikkje noko kvalifikasjonar for å vere med, berre at du er klar til å seie meininga di! Det er viktig at studentar frå alle nivåa er representerte i studentutvalet, slik at det blir mest mogleg representativt for studentmassen.

Studentutvalet er ikkje minst ein fin anledning til å skaffe seg venar og eit sosialt miljø i ein kaotisk studiekvardag. Verv på instituttet er kjekt å ha på CV-en som ein ekstra bonus.

Ønskjer du å vite meir om studentutvalet på IMK? Ønskjer du å stille til val? Ikkje nøl med å ta kontakt med studentutvalet eller med studieseksjonen ved IMK

Kontakt oss

linjeforeningen.mevit@gmail.com

Publisert 13. juni 2010 12:19 - Sist endret 26. aug. 2022 10:02