Vi forsker på: Klassisk- og samtidsmusikk
«Klassisk» musikk er eit fleirtydig omgrep, men i musikkvitskapleg samanheng siktar ein til europeisk musikk frå middelalderen til 1900-talet, som vanlegvis er nedskriven på notar, og der opphavsmannen/kvinna er kjend. Omgrepet femnar også om musikk med same kjenneteikn frå andre kontinent, t.d. USA.
Samtidsmusikk er musikk i forlenging av denne tradisjonen frå det seine 1900-talet og det 21. hundreåret.
Forsking på klassisk- og samtidsmusikk, også kalla vestleg kunstmusikk, er eit av kjerneområda i musikkvitskapen. Forskinga dekkjer eit vidt tidsrom, frå renessanse til samtidsmusikk.
Nokre forskingsområde innanfor klassisk- og samtidsmusikk:
• Musikkens rolle i kultur og samfunn
• Musikkens stilutvikling
• Komponiststudiar
• Verkstudiar (struktur- og stilanalyse, fortolking av meininga i musikken, m.m.)
• Musikalsk framføring (t.d. studiar av plateinnspelingar)
• Ulike grunnlagsproblem: Kva slags historie er musikkhistorie? Korleis forstår vi verkomgrepet? Kva for opningar og avgrensingar har verkanalyse?
Forskingsprosjekt