Sigbjørn Olsen Sønnesyn

Postdoktor - IMV stab

Faglige interesser

Sigbjørn Olsen Sønnesyn forskar på intellektuell og religiøs kultur i mellomalderen, med særleg fokus på dei latinskspråklege kultursfærene i områda mellom Nordsjøen og Middelhavet i perioden ca. 1050–1300.

Sønnesyn sitt arbeid utforskar skjæringspunkta mellom historie og andre relevante disiplinar. Han har lang erfaring frå tverrfageleg samarbeid, mellom anna som medlem av forskargruppa The Ordered Universe Project ved universiteta i Oxford og Durham. Ved UiO er Sønnesyn ein del av prosjektet BENEDICAMUS leia av Professor Catherine Bradley. Særleg viktige forskingsprosjekt er tekstutgåver og omsetjingar av tekstar med relevans for prosjektet, og studium av den teologiske og filosofiske bakgrunnen for liturgisk musikk og liturgisk praksis.

Sønnesyn har publisert breitt både innan historiefaget og i tverrfaglege publikasjonar, frå den første monografien hans om monastisk moralsk danning i det tolvte hundreåret, til kritiske tekstutgåver og omsetjingar av latinske mellomaldertekstar, til samarbeid med naturvitskaplege forskarar. I tillegg til publikasjonane knytt til BENEDICAMUS er han også medredaktør av serien The Scientific Works of Robert Grosseteste utgjeven av Oxford University Press.

Bakgrunn

Sønnesyn er PhD i mellomalderhistorie frå Universitetet i Bergen (2007), der han også var postdoktor 2008–2012. Han har seinare hatt stillingar ved Københavns Universitet og Durham University før han starta ved UiO i 2021.

 

Emneord: Middelalderstudier, Filosofihistorie 600 f.Kr. - 1800 e.Kr., Vitenskapshistorie, Liturgy
Publisert 4. mars 2021 14:31 - Sist endret 30. apr. 2021 16:23