Arne Garborg

Samfundets støtter anmeldt av Arne Garborg i ukebladet Fedraheimen i Kristiania 27. oktober og 3. november 1877 (No. 4 og 5).

«Samfundets Støtter».

(27. oktober 1877)

Henrik Ibsen er ein stor Skald. Det er ikkje Mange, som kann syna fram slik ei Rad av store Skaldeverk som han kann; «Kongsemnerne», «Kjærlighedens Komedie», «Brand», «Peer Gynt», «De Unges Forbund», «Keiser og Galilæer» – alt er store og gilde Ting. Likevæl hev han Litet kunnat gjera i Livet, av Godt daa. Han hev rivet ned (voret «negativ»), men ikkje bygt upp. Ulukka er, han hev ikkje aatt nokon Livstanke. Han hev berre havt detta kvasse og saare Augat, som ser Brestar og Vant og Veilur i all Ting, men ikkje kann sjaa nokot godt og sannt i Livet. Det er «Tvilargaava», som hev gjort honom til Skald. Han hev berre kunnat «spyrja», men ikkje «svara». Slik ein Kar gjerer litet tilgagns, imot Ein kunde tru. Spyrja, det kan me alle, – og Daararne mest; men svara, leggja fram Livs og Framgangs Tankar, det kan berre den store Mannen. Me kann og alle riva ned, um ikkje so tilgagns som Ibsen; men byggja upp, som betre kunde turvast – det er det Faae, som kann, og det hev ikkje Ibsen helder kunnat.

Det er eit Umerkje, naar eit ungt Folk, som enno ikkje paa lang Leid er ferdugt med sjølve Samfundsbyggverket sitt, fær Rivarar fyr Reisarar, slik som me no hev havt det med denne Ibsen. Han hev og avlat fram myken Sjukdom. Det skulde vera mange fleire heile og sterke og gode Menn, t. D. millom Studentarne vaare, um ikkje denne sjuke Ibsenske Dikting hadde havt slik Magt i desse Aar. Han hev det med seg, Ibsen, at han gjev Folk Uhug til Livet. Han lærer deim upp til aa halda seg utanfyr Alt, og berre døma og spotta. Heile denne Ibsensflokken er av eit ufriskt Slag liksom. Dei er inn-sjuke. Dei gjeng der som Rek, og er leide – elder lætst vera leide – av all Ting. Slike Folk «kann Livet ikkje bruka», minst her hjaa oss, der alt enno er so ungt og uferdugt og smaatt, so det krevst Menn med Tru, og med Elsk og Hugvarme, skal dei herda Strævet. Sjuklingar og Spottarar, dei berre ser Armodsdomen i det som er, og hev ikkje Mod elder Tru til aa vona paa nokon Framgang.

Ibsen hev nok preikat um aa arbeida elder «liva fyr Ideen» (fyr gode og sanne Livstankar); heile «Brand» er liksom ein einaste Dundertale um detta. Og det kjem att i mest alle Bøkerne hans. «Du skal vilja!» ropar han. «Naar du ser det Rette, skal du gjeva Livet ditt til aa faa det fram!» – Og detta er rett og godt nok. Men det er daa Ingen, som hev lært Arbeidshug av Ibsen lel. For under all den Preikingi hans ligg den store Tvilen: tru kann det nytta nokot aa arbeida?

So hev no ikkje Ibsen helder livt etter Læra si. Eg sagde her uppe, at han ikkje hev aatt nokon Livstanke («positiv Ide»); det maa eg taka i meg att. Ibsen hev aatt ein Tanke; – men det var ein Baktanke elder Bakstrævstanke: «Amalgamismen» elder den Tanken, at dei 3 Nord-Folki skulde rørast ihop til eit. Kjølen skulde rivast og brukast til Fylling i Øresund. No, lat Tanken vera som han vil; det er ikkje det, me skal tala um. Men hev Ibsen arbeidt fyr denne Tanken sin? – Nei. Han hev sitet ned i Tyskland og gjort Bøker, «diktat fornemt paa Velin (fint Papir)», som han kallar det, «ventat paa betre Dagar» i ei «flekkfri Brudlaupsklædning», – og so bilimillom skjendt paa dei Andre, for dei ikkje hev arbeidt som dei skulde. Det er nett paa rette Gjerdi, det. Og som Meistaren er, slik er Sveinarne au. Det vert Letingar og Spottarar, som nok kan hava aat Andre, naar ikkje dei er «store» og «reine» og «heile» nok i Livsverket sitt; – men sjølv gjeng dei helst og ser etter, at dei ikkje fær «Flekkar» paa «Klædningarne» sine. Det er Stasfuglar, maatru; dei blandar seg aldri i «Sværmen» elder i «Døgnets Kiv»; for der kunde dei so snart faa Flekkar paa Kjolen!

Det er sjølvsagt, at Ibsen ikkje hev nokon Samhug med dei Folk, som trur paa ei norsk Fra mtid. I «De Unges Forbund» gjerer han Fridomsmennerne vaare til reint Skarvety, og i «Peer Gynt» set han «Maalstrævet» paa Daarekista. Det hender og, at han riv Sinne ut paa sjølve Folket. I «Brand» ser dei norske Bønder ut som ein Flokk Trælar, og i «Peer Gynt» vert dei reint ut til «Orangutangar» note 1.

Han held seg daa og so væl utifraa Norig som han kann. Han bur i Tyskland, prentar Bøkerne sine i Danmark, og er no svensk «Doktor i Filosofien». Med Norig hev han ikkje stort annat aa gjera enn at det er derifraa, han fær – Diktarløni si.

Han er ikkje rik paa sjølvskapte Tankar; i so Maate liver han mest av andre. Men Skald er han, og ein Ovkar til aa gjera Vers og laga gode Komediar. Det vantar ikkje paa Vitet. Det skal ikkje helder dylgjast, at han hev skrivet mange Ting, som er baade fagre og hugkveikjande, um enn det meste er kaldt og kvasst. Det Gode, han hellest hev gjort, er aa eggja Folk upp til aa tenkja yver mangt, som Stormugen jamnaste aldri bryr seg um, og det kann og vera ein Ting som trengst.

- «Samfundets Støtter» er i ymse Ting ulik dei andre Bøkerne hans. Der er ikkje detta Sjuke og eitrande Sure i den som i dei hine. Du fær ikkje vondt av henne, naar du les. Ho ender ikkje slik reint burt i Villska helder som dei andre. Du legg Boki fraa deg med den Tanken, at du daa hev lært nokot Godt og Sannt der. Det er mest som Ibsen skulde vera leid no av all den Nedrivingi og vil freista paa vera med aa byggja.

Um so er, er det eit stort Vende i Diktarlivet hans; – men og eit faarlegt Vende. Det var «Tvilen», som gjorde honom til Diktar; slepper han den, daa kann det henda det er ute med heile Skalden. For han er hosta gamall no til aa læra upp att.

«Samfundets Støtter» gjev meg og som ei Kjenning av, at han er paa Nedvegen. Der er liksom ikkje den Eld og Brann og Sprett i den som i dei hine. Ho er meir spak av seg. Det Gode, ho hev, i Bygning og Forming, er berre Tame elder «Rutine»; me kjenner det att fraa fyrr alt ihop. Reint Vas kann han ikkje skriva, so driven er han altid i Kunsti; men den Eld og Glod, som er i Diktingi han hellest, den er her som sloknad paa.

Detta var no helder ikkje annat ventande, um so var. Mannen hev diktat so lengje no, at han lyt tømast, han au, og verta utbrend. Det er soleids ikkje paa nokot Vondt, at eg kjem med detta. Og at han vinn seg fram med byggjande Tankar, det er kannhenda so stor ei Vinning, at det gjev Lika fyr all Fraagang i andre Ting.




(3. november 1877)

Bjørnson hev i dei seinste Diktarverki sine med stor Ihuge lært, at Samfundslivet vaart er gjenomdreget av Lygn, og vantar Sanning og Aand, og det daa fyrst i dei «høgre Lag». Fyr detta hev Folk haldet Mannen mest fyr halvgalen, og dømd honom av med all baade politisk og bokleg Æra. No skriv Ibsen, den gamle Kristiania Nationalskalden, ei Bok, og segjer plent det same. No lyt væl Klokingarne vaare tru? – Imindsto er det merkjelegt, at Morgenbladet tigjer.

Det «Samfundet», Ibsen skildrar, er ihopsett av berre «Heidersmenn» av det kjende Slaget, som «nyder almindelig Agtelse» fyr sin «uplettede moralske Hæderlighed» og sine store «Fortjenester af Samfundet», og som daa jamt ender med ein «Orden» elder ei onnor Premie. Sume av dei vil endaa vera gudelege. Alle er dei so nette paa det og so pyntelege og «anstændige», at dei toler ikkje so myket som eit ufint Ord; gjeng liksom paa Tæerne av berre Sedskap, og takkar Vaarherre til, at dei er so gode og reine og sedelege som dei er, og ikkje slik som dei fleste andre Folk i Heimen.

Detta Samfundet er soleids fælt blankt utantil; men innantil er det helder krankt. Der er det Armodsdom og laakt Stell det meste. Dei lætst vera Styttur fyr Samfundet; men dei strævar fyr sjølve seg i Grunnen. Dei lætst vera reine og sedsame; men i Grunnen er dei ikkje likare enn andre Folk, er dei ikkje verre. Heile Samfundet liver soleids i Lygn. Det er Rotenskap og «kalkslegne Graver», som det stend i Testamentet.

Desse Samfundsstøtterne gjeng no der seg imillom og gjøler kvarandre upp, alt dei kann, og mest gjøler dei fyr Storkulten, Mønstermannen, Konsul Bernick. Det slutar, kann du vita, med ei «festleg Tilstelling,» der alle desse «Hædersgubbarne» fær Premie. Ein fær eit Sylv-Kaffestel, ein ei gild Tekstbok o. s. fr. note 2, og ein Adjunkt, som sjølv er ei «Samfundsstøtte,» held ein forglupande Festtale, som er plent slik som me so godt kjenner dei fraa Livet.

Men Konsul Bernick er betre paa Botnen, enn Ein skulde tru. Det snur seg slik, at han fær Augo upp fyr all den Lygni og Armodsdomen, som er i detta, og dermed stig han fram fyr Festfolket og fortel dei heile Sanningi fraa fyrst til sist. Folk vert so vitskræmde av detta, at dei tagnar radt av og gjeng kvar til seg, stilt og sturt. Festen er slut, alle Ljosi sloknar. Konsulen er støytt ut av «Støtte»-Laget, det er greidt aa sjaa. For ein heilt upp ærleg Mann er «Støtterne» rædde.

Det er rart, at Ibsen hev haldet Boki si so rein fyr Politik. Detta lyt vera gjort med Viljo, og det er vandt aa segja, kvi so er gjort. Likevæl ser det ut fyr, at Boki hev «trefft.» Me hev slikt eit politisk Lag, som lever paa denne «moralske Hæderlighed» istadenfyr paa politiske Tankar. Tek du aat aa vil refsa dei, t. D. fyr galne Meiningar og uvis Framferd, so flyt dei til Moraliteten sin. «Me er ærlege Folk, som meinar det væl,» segjer dei. Javist meinar dei det væl, – dei som andre! Det var ikkje det, der spurdest um. Var dei ikkje skikkelege Folk, so laut Ein setja dei fast. Me hev alle den Skylda «aa meina det væl,» so det er Ingen, som kann rekna seg det til framifraa Fyremun.

Likaeins kjenner me godt den norsk-politiske Humbug med alle dei Premie-Gubbar og «Jubelfestar». Det hev vortet slik ein Vane detta, at snart som ein Mann hev havt eit godt Embætte i 20 Aar, so kann han ikkje sleppa ifraa Festtalarne og Sylvskeiderne, um han vilde. Og so Snerpeskapen. Ein lyt vera so sedsam, at det liksom ligg utanpaa Ein. Det er ikkje Syndi, som det spyrst um; men det gjeld aa agta seg fyr «alt, som kann mistydast», d. e. aa stella seg slik, at Folk ikkje «fær nokot aa segja». Difyre hev me all denne forpinte Ræddhugen og denne usanne Snerpe-Sedsemd, som drep ned all Natur og Friskleike i Folk og tidt gjer dei til Hyklarar i baade Tale og Aatferd.

Mot all denne rædde skikkelege Finslegdomen syner Ibsen upp – Amerika. Folk er kannhenda ikkje so «pyntelege» og smaa-finslege der; men so er dei meir naturlege, meir sannfarande, meir endefram seg sjølv, og ikkje so forpinte av «Hensyn» og Ræddhug; der er friare og friskare, større Rom liksom, og dermed større Tankar. Endaa den amerikanske «Humbug» er meir frisk og sann og ærleg enn denne norske, som er heilt lygn-sjuk, av di han gjev seg ut fyr aa vera Aalvora og Sanning.

Kyrkja hev Ibsen teket likaeins som Politiken. Han let Prestarne vera utanfyre, – men raamar lel. Det er ein «Adjunkt», som fær Skuringi. Han er klok, Ibsen. Han slær paa Skaaki og meiner Merri. Men me skal ikkje lasta honom fyr det. Kann han gjera det same med aa piska Skaaki, so er det vænt av honom, at han sparar Merri. Dei, som treng det, skynar nok Meiningi.

Den «byggjande Tanken,» Ibsen hev naad fram til, er ikkje ny; men han er god. Det er den, at dei, som kallar seg Samfundsstyttur, berre er Samfundsreidskapar, og at det er «Frihedens og Sandhedens Aand, som er Samfundets Støtter.» Me treng um aa høyra detta her, der so mange vil halda Samfundet uppe med kunstige Støttur og Stengslur og Stellingar, og trur, at Fridomen er faarleg fyr Samfundet. Vil Ibsen halda paa aa dikta ut av slike Tankar, daa lyt Ein storleg ynskja, at det ikkje var sant, som eg sist sagde, at han er paa Nedvegen som Skald.

G.




Noter:
  1. Det stend ein Stad i den Boki: 
          «... Ak men saa som Fremmedaaget
          og forplumret Urskogssproget,
          firehundredaarig Natten
          ruged over Abekatten« o. s. fr.
    Folk er saa raae, at dei hev likt detta, for det var slikt eit «djervt» Hogg etter Maalmennerne. Det er snaudt dei hev lagt Merke til den utrulege Raaskapen, som Ibsen her hev synt mot sitt eiget Folk.
  2. «Ordenen» er daa ikkje med, denne Gongen. -
Publisert 2. apr. 2018 15:37 - Sist endret 2. apr. 2018 15:38