Aasmund Olavsson Vinje

De unges forbund anmeldt av Aasmund Olavsson Vinje i Dølen i Kristiania 24. oktober 1869. (Her transkribert fra A. O. Vinje, Skrifter i Samling, II. Band: Bladstykke i Dølen II – VIII, Kristiania 1917, s. 368-375.

«De Unges Forbund»
heiter ei Komedi af Ibsen, som no verdt spilad og omtalad her i Byen. Her er ein livleg Strid om den, idet some lova og andre lasta den. Det er meint at skulle vera ei Skildring paa ein og annan Mann her heime, og dei, som tru seg eller sine Kjenningar afmaalad, furta og finna Arbeidet daarlegt; men dei, som unna desse Folk denne Afmaaling, dei gleda seg og finna Arbeidet velgjort. Du ser soleids, at der ikke kan vera Sanningsord om Stykket at venta fraa nokon af desse tvo Kantar. Det er «Skandal» for den eine, og Fagnadverk for den andre.

«Han skrik Hunden, som Slaget fær.» Det fekk kver Komediskrivare eller annan skjemtefull Diktare altid høyra. Holberg, stakkar, gjekk mest paa Livet, han, for alle Galningar, som trudde seg gjorde Narr af. Skuespiller Naso i «Fiskergjenten» var ulykkeleg, og Folk sagde, at det var «skandaløst», og no fara desse Politici og Poetici med Frender og Kjenningar, som tru seg afteiknad, ikring og gjera det sama her. Det er den gamle Skikken dette, som truleg heller aldri verdt aflagd, endaa det maa vel eingong bli godkjent, at Poeten har likso stor Rett over det latterlege i Livet som Politimeistaren over det brotfulle og Presten over det syndige. Det er desse tri Statsmagter, som etter denne Grenselina skifta dette store Fanterike millom seg. Han skrik nok Brotmannen og Slusken, naar han verdt førd paa Raadhuset, men dette nyttar ingenting. Han er liksom Statens eller Alles Eigendom, og Politiet har Fullmagt til si Tugtegjerning.

For ikke vidare at taka Presten med, som Alle vita har denne Retten inom Ringen sin (Jurisdiction), so maa den skjemtande Diktare hava netup sama Rett over Laattmaten eller the laughingstock (det som er til at læ aat) som Politiet over Fanteskapen. Den latterlege Mannen høyrer Alle til liksom Aalmannvegen. Han er ei publik eller aalmenn Velferd. Tenk paa ein Generalgalning, eit Riksnarr som f. Ex.! Han er ei national Skatkiste, som kver maa skyna, at det vilde vera ei Synd at lata liggja uopnad og ikke tilgodegjera sit Folk med. Det er ein Folkets Mann liksovel det som Mønstret paa sin Motsetning, nemleg Vismannen. Den eine gagnar rettfram og den andre krokvegs. Den eine er liksom Ja, og den andre liksom Nei. Det er som Plus og Minus eller Tillegg og Fraadrag, som baade ero like umissande i Reiknestykket.

Det er ikke litet latterlegt, at slike Folk til Laattmat vilja hava alt sit latterlege for seg sjølve og liksom privatisere med alt det flirande. Det er merkværdigt, so Folk kunna vera bakvende. Skulde no ikke eit slikt latterlegt Menneske vera glad i, at han paa denne Maaten kunde bli til Gagns for sine Medmennesker, den einaste Maaten han kan vera til Nyttes paa? Han var nemleg ikke latterleg, dersom han likefram kunde vera til Nyttes; men ved Galskapen verdt han til Upbyggelse. Livet er so vist, at ingenting gjeng til Spilles. Mot og med Viljen vaar maa vi tena det gode.

Men, dette er ikke nokot at takka Daarane for. Dei ero so lagad, at dei vilja hava Daarskapen sin for sjølve seg, og skrika rædde, naar Folk skulle faa Gagn af den. «Du skulde vera glad», sagde eg eingong til eit Stornarr, «at Du kunde gjera Nytte for deg ved at vera til Leik og Løgje for andre.» «Og Du,» sagde eg til ein Storetare, som aldri hadde gjort Guds skapande Nytten all sin Dag, «Du bitalar liksom nokot af det, Du førde i deg, naar Du soleids verdt eit Mønster paa ein Matkrok til Skjemt framigjenom, lenge etter at Du er daud. Du var ein fortærande Eld solenge som Du livde, men sidan verdt Du til Hugnad, so heller ikke dit Liv var so reint faafengt.»

Ja, dette er so, naar du kan driva Skjeiveskapen din til eit slikt Mønsterbruk, at Poeten kan taka deg som du gjeng og stend fraa Naturens Hand. Men her er likso faae Mønster paa Afskapnad som paa Rettskapnad. Ein Mønstergalning er ein likso sjeldfengd Fugl som ein Mønstervismann. Det er Halvmenn og Stykkefolk dei fleste, det er store Brøker. Det fullgyldige Ideal er det vaalundt med, og det verdt trutt, at det ikke eingong finnst i Soleheimen. Bildhoggaren og Maalaren kunna finna gode Mønster for seg baade paa det fagre og fæle, men fullgyldige aldri. Der maa altid eit og annat pyntas paa. So med Poeten og. Liksom derfor desse andre Kunstfolk taka eit Mønsterhovud her og ein Mønsterarm der osv. og setja dette ihop til eit heilt fullgodt Menneske, soleids maa Poeten og bera seg aat. Han maa samsetja eller componere, og her ser du, at det skal tvo Ting til, nemleg fyrst ei sann Teikning af alle desse Mønsterstykke fraa det virkelege Liv, og so den rette Samsetnad til ein heil Skapnad med den Andarpust, du kan blaasa i den. Du skaper derfor paa ein Maate, men dette Grunnto eller Stof maa du hava funnet i Livet.

Eg spurde eingong ein Landskapsmaalare, om han ikke kunde afmaala dei vidunderlege Landskap med Lidar og Fossar, som du tidt drøymer om. Men han sagde, at det var umogelegt. Eit Maalarstykke maatte vera etter Mønsterteikningar fraa den Skog og Mark og Fjell og Fjord, som er i Verda og ikke i Draumen.

Eit Landskap kan koma so nær up til eit Mønster, at det endefram kan maalas eller fotograferes og endaa svara til alle Kunstkrav paa det fullgode. Men dette er eit reint Vingel. Maalaren trur, at det maa snildas paa her og der med ein Forgrunn, ein annan Luftfarge og Sving paa Dales osv. Men til Livet, Naturen maa han halda seg. Eit Grunnto af seg sjølv kan han ikke finna up.

Likeins med Bildhogging og Maaling af eit Menneske. Dei hava Mønsterskapningar sitjande framfyre seg, og dei læra og sjaa paa alle Kunstverk. Men dei finna ingenting i eit og alt fullgodt paa eit einaste Menneske. Der er eit eller annat som vantar. Til den framifraa Panna kan der vera ein mindre god Munn. Mannen med dei eldfulle Augom kan vera litt skakknasad, og til dei fine Kinnbein kan der vera ein Blinks med Augom. Det velskapte Aasyn kan vera aandlaust i Uttrykk, og so er det Stykkverk alt.

Netup likeins er det med Afskapninga eller Karikaturen. Vil Kunstmannen finna ut den, so raakar han den likso sjeldan som Rettskapnaden heil og halden i Livet. Der er altid nokot menneskelegt imillom, jamvel paa Trollet, som brukad si afskapande lange Nos til Glodrake og hadde berre ein Glimestein til Auga midt i Panna, og gjekk med Rove, forstend seg. Kunstmannen maa derfor her og «gjera Studier», som det verdt kallad, af uliklege Ting og setja dette alt ihop til eit Mønstertroll. Det er dette, som verdt kallad at «idealisere», til godt eller vondt, fint eller fælt, ettersom Fyremaalet er. Det hægste Mønster paa godt kjem up mot Gud, og det lægste Mønster paa vondt ned mot Fa`n. Det stend liksom ei Stang fraa Afgrunnen og up i Himilen: ved den nederste Enden er Fa`n og ved den øverste Gud. Midt paa Stanga er det vanlege Menneske, og ettersom dette merker seg ut fraa dette vanlege eller den daglegdagse Mann, so kjem det anten up mot dette gode Mønster eller ned mot dette vonde. Det er langt til kvaare Enden paa denne Stanga, so der er mange Trappestig up og ned, og etter kvert som du stig up eller ned er det eit litet Mønster eller Idealisering, som altfort aukar paa, alt til du f. Ex. paa Halvvegen up stend midt imillom Gud og Mann og paa Halvvegen ned midt imillom Fa`n og Folk. So som Folk er flest, skulde dei altso vera halvt den Gode og halvt den Slemme, netup midt imillom fager og fæl. Det verdt og sagt om Folk, som ero nokot framifraa: «D`er formyket til Folk og forlitet til Troll».

Denne heile Mønsterlaging er liksom eit Kuveglas. Naar du ser deg in i Kuven (Krumninga), so synes du større ut en du er, og naar du ser ut paa den, so er du mindre. Det er Straalespeglinga, som gjør dette, anten Straalebundten, som afspeglar deg, spriknar ut eller kruppnar in. Du kan bli endelaus stor og endelaus liten, ettersom Kruppen paa Glaset er lagad til, og ettersom du stend nær eller langt ifraa. Men alting verdt endaa etter rette Maal og Maate (Proportion). Du er sjølv Grunnmaalet, som kan mindka eller auka, men det er liksom etter Lod og Vinkel med all denne Mindking og Auking. Det gjeng alt ut ifraa deg sjølv, so som du er.

Derfor maa Kunstmannen, som paa desse Maatar vil auka eller mindka eit Menneske, fyrst og fremst kjenna Mennesket, som det er, og kunna framstella det, daa dette er Grunnmaalet, som han lyt ganga ut ifraa. Dette ser du best med Spegleglaset. Er ikke dette rett, so verdt du aflagad, ettersom du aukar. Det er dette, som er Vandsken med alle Kikarglas. Det kan ganga godt lenge frametter, men naar det verdt ovstort (kolossalt), so verdt den mindste Feil i Grunnforma forfælande, og den mindste Feilen paa deg sjølv, f. Ex. den ørende vesle Vorta, so stor og stygg, at du mest maa røma fraa deg sjølv. Det spriknar ut alt, maa vita, so at jamvel det, som synes fint i det smaa, verdt fælt i det store.

Skribenten maalar af det indre Liv, liksom dei andre Kunstmenn det ytre. Det er Andarlivet, som han framsteller, og han brukar Ord, der dei andre bruka Meitsel og Pensel. Dette han framsteller, verdt derfor meir luftigt og mindre takande paa med Haandom, men der maa vera den sama Framgangsmaate og Likning der som i det ytre Kunstverk. Den invordes eller Tankemannen maa vera likso sann og lik seg sjølv som den utvordes eller Likamsmannen. Det gjeng likso litet an at dikta i Lufta utom det skapte her i denne indre Tanken som i den ytre Form. Det verdt nok her og gjort, men dette er likso værdlaust i Bokriket som eit slikt Paafund mot Guds Skapnad er det i Kunstsamlingar.

Og sine «Figurer» og «Studier» maa Sjælemaalaren hava likso stor Rett til at taka ut af Samfundslivet som Likamsmaalaren sine ut af det andre store Liv. Det vronge maa tena det vise, og det daude det livande. Det skulde og sjaa ut, om Narr og alle Galningar hadde Fribrev paa at «privatisere»! Og so vilde ein seinare Tidsalder ikke kjenna nokot til dei latterlege Figurer i den eldre. Hadde ikke Holberg voret, so vilde vi ikke hava kjent nokot til dei danske Daarar fraa den Tid. Men no hava vi dei liksom utstappad Dyr og Fuglar i eit Museum eller som steingjengne Dyr fraa ein eldre Jordalder in i Bakkar og Berg. Naturen saltar altid ned etter seg.

Etter desse Grunnsetningar kan du no draga ut det sanne eller usanne, det rimelege eller urimelege i den Tale, at den eller den er det meint paa; han og han er det, som er afskjeldrad. Er Sjælemaalaren god, so finn han ingen fullgyldig Mønstermann i Samfundslivet korkje paa Visdom eller Daarskap, men han tek sine Eigenskaper her og der, ettersom han finn deim reinaste, og so sveitsar han desse ihop til «Personen» sin i Samspil med den gyldige Menneskenatur. Du kan derfor aalment segja, at ingen einstak Mann kan det heilt og haldet vera meint paa; han vardt for ufullstendig og kjeidsam han, sosannt som daa Skribenten ikke vilde skjemta paa den Maaten, at han framstelte ein vanleg Mann, som han gjekk og stod, for at gjera Narr af alle slike Skildringar. Det kan, som alt sagt, finnas Folk so framifraa, at ei likefram Skildring af deim vilde vera tolufør (tolerabel), men det er sjeldsynt, og der er altid eit eller annat Fyremaal for Skribenten, sosom den og den Utgang paa Stykket, det og det Samspil millom «Personerne» i det, so at ingen einstak Mann kan bli tekjen ut af Livet reint som han er og sett in i den Samanheng. Du maa skanta og hogga mangt af Stokken, før han fell godt in i Timbra og verdt ein Husvegg.

 

 



Desse Grunnsetningar kan Folk hava fælt godt af i denne Kunsttid, og dei slaa nokotsonær in her i dei «Unges Forbund». Der er ingen einstak Mand likefram afskildrad, men dei ero samsette af «Studier" fraa den og den. I Steensgaard kan du soleids kjenna mindst tri Mann. Styltestilen hans Bjørnson er det sagt paa Prent er der. Denne er no ein offentleg Eigendom, so ingen Mann kan anka over, at den verdt brukad, tvertimot, det maa vera til Hugnad for Alle, og Ingen kan hava betre af det en sjølve Bjørnson. Det er ikke Alle so sæle, at dei faa seg ein Læremeistare, og der er Gaavor i honom, so han kan læra, naar han gjeng i Skole.

Dei tvo andre Menn i Steensgaard, som du lett kan kjenna «Studier" fraa, kunde og bli nevnde, men daa dette ikke er gjort; so paa Prent, vil ikke Dølen vera den fyrste til at gjera det. Desse ero ellers og offentleg Eigendom, so Ibsen er i sin fulle Rett.

Skulde nokon anka over desse «Studier" i dette Stykke, so maatte det vera Presten og Politiet; Poeten har nemleg her og der gjengjet deim i Næringa. Den falske Vekselen høyrer soleids med Rett og Skjel til Politiet, og dei moralske Predikener (Indignationspoesien) hist og her til Presten. Den skjemtefulle Poeten har ikke Rett til nokonting annat en det latterlege; og skjemtefull maa Ibsen vilja vera her; for under Upførelsen vardt det greidt og klaart, at Stykket var ei Farce.

At det maa «vera meint paa" den og den Mann og det og det politiske Parti, visar Morgenbladets og Aftenbladets Stillingar til denne Sak, som ellers ikke er annat en svart paa kvitt for den Tale, du no høyrer. Det er for Morgenbladet og den Bolken eit burokratisk Dikt med Snert og Svipuslag til «Opposition" og det Slags Folk. Og Aftenbladet med den heile «Steensgaardske Familie», som Morgenbladet uttrykker seg, synes og kjennelegt at taka Stykket med denne Upfatning, endaa det naturlegvis mindre openljost kjem fram fraa deim, som tru seg raakad. So stort Vit er der daa. Den Klapp og Piping, som der og vardt larmad med ein Kveld, den visad og dette. Naar der er Spotteord over Folkefriheit, og naar den gamle Bondestorthingsmann Lundestad, som og er ein «Studie», vardt aatløgd, daa vankad det Godlaat (Applaus) fraa den eine Kanten og Ulaat og harmfull Tagnad fraa den andre. Der er Politik i Stykket, det er greidt nok.

Ja Ibsen har voret politisk Poet desse siste Aar. Politik er ein af Grunntonane i hans heile «Brand"væsen. Han er Skandinavernes og Samrøringanes Poet, og det er fraa desse Kantar han fær sine største Lovord. Det er naar han «brandar" og «g(r)yntar" mot Norge og alt Norskt, det er daa Morgenbladet og denne store Parten af vaar samrørande Ombodsstand fagnar med Godlaaten sin. «Det er ein daarleg Fugl, som gjør i sit eiget Reide," segjer Ordspraaket; og denne Ombodsstand og denne Poeten, som kan taka det paa denne Maate, er ei likso underleg Ombodsstand som Poet. Der kan ikke vera den rette Dugen i nokon af deim, det er vist, for den dygtige Mannen elskad til alle Tider sit Fødeland, anten so dette var stort eller litet.

No, Ibsen kan vel elska sit Fødeland, om han larmar som han gjør imot det. «Den som tugtar Son sin" osv. Aa ja, men der er slik Illske i denne Tugt, at nok Elsken ikke kan vera stor. Det er ikke den djupe Harm med sin Eld og Glod. Det er, som det og verdt sagt, «Støi».

Og so jaalar han seg Ibsen og liksom rømer fraa dette skarve Landet. Var der Aalvor i denne sjølvgjorde Landlysing, so vilde han finna seg for god til at taka mot ein Skilling af eit slikt Filleland. Men daa han tek imot denne, so visar dette betre en nokonting annat, at Mannen er for grunn baade til at hata og elska. Det er ikke Aalvor, men «Støi».

Var det ikke til at læ aat, so kunde du bli harm over, at Ibsen, som det tydleg nok visar seg, verdt stor i Danmark og Sverike ved at skjella og smella paa Norge. Men det er som naar Hunden gjøyr mot Maanen, so det vilde vera barnagtigt at bli sinnad. Men eg veit ikke, om det er anstendigt for Landet at halda seg slik ei Rivbikkje. Det gjør ingenting, forstend seg; men det ser ikke godt ut. Det er vel ellers best at taka det for Gutegap og tru, at Mannen snart verdt leid af heile Brandvæsenet sit. Kom han berre heimatter, so skulde vi nok skjemta med honom, so han snart fann seg sjølv likso latterleg som vi gjera. Han forstaar Skjemt. Det er eit godt Hovud. Og naar han so lærde Land og Folk at kjenna, so kom han nok paa andre Tankar. Men no ligg han ute og jaalar og grillar seg up, og med sit heile Donquixotteri fiktar mot Tyskland og England liksovel som imot os, for Danmark maatte staa aleine i sin Krig.

 

 

Publisert 3. apr. 2018 15:24 - Sist endret 3. apr. 2018 15:27