Språk og følelsar i fleirspråkleg kontekst

Språket formidlar ei verd av følelsar, men kva følelsar som vert uttrykte, er avhengig av kva språk vi uttrykkjer oss på. Professor Ng Bee Chin (Nanyang Technological University) forskar mellom anna på følelsar og språk, og under ei gjesteførelesing på MultiLing i slutten av mai greidde ho ut om språk og følelsesord i ein fleirspråkleg kontekst.

Ng Bee Chin er klar til å presentere. (Foto: UiO)

Ng Bee Chin (Foto: UiO)

Følelsesord

Følelsesord er ord som uttrykkjer følelsar. Pavlenko (2008) har delt dei inn i tre: følelsesord, følelsesladde ord og følelsesrelaterte ord. Det er den første klassen vi gjerne først tenkjer på, og her finn ein ord som sinne, glede og sorg. Dette er følelsar som forskarar meiner er universelle. Dei er å finne i alle kulturar, men dei vert uttrykt ulikt.

Korleis følelsar vert ytra, er kulturelt føresett, og det er knytt til språket ein ytrar seg på. For å illustrere dette, kan ein sjå på kor mange følelsesord ulike språk har. Til dømes har Malayisk  230­–250 følelsesord (Gehm og Scherer, 1988) medan engelsk har meir enn 2000 slike ord (Wallace og Carson, 1973). Nokre språk har fleire ord for noko som på eit anna språk er éin følelse. Til dømes har det australske språket pintupi 15 ulike ord for frykt, og arabisk har eit heilt leksikon av ord for kjærleik (Soueif, 1999: 386–387):

  • Hubb: love
  • Ishq: love that entwines two people together
  • Shaghaf: love that nests in the chambers of the heart
  • Hayam: love that wanders the earth
  • Teeh: love in which you lose yourself
  • Walah: love that carries sorrow within it
  • Sababah: love that exudes from your pores
  • Hawa: love that shares its name with “air” and with “falling”
  • Gharm: love that is willing to pay the price

Tar ein utgangspunkt i dei store skilnadane i tal på følelsesord i ulike språk, skjønar ein at nokre nyansar vil forsvinne når ein omset tekst eller tale frå eit språk til eit anna. Om ein til dømes skal omsetje kjærleiksorda over, vil nyansane forsvinne i omsettingsprosessen. Her vil ein mangle eit konkret ord, men det er ikkje berre i ordtilfanget språk skil seg frå kvarandre, ulike språk uttrykkje også følelsesord ulikt reint grammatisk. I slaviske språk er følelsar ofte uttrykt gjennom verb, og slik skil dei seg frå språk som primært nyttar adjektiv som følelsesord.

Kva skjer med følelsesord når ein brukar fleire språk?

Å omsette følelsesord kan altså by på problem, men korleis er det for fleirspråklege å veksle mellom følelsesord på ulike språk? Korleis handterer dei skilnadane mellom språka?

Fleirspråkeleg må forhandle mellom dei språklege følelsesuttrykka dei kjenner. Innbakt i følelsesorda ligg sosiokulturelle syn og forventningar, og desse er ein del av forhandlingane. Ulike språkbrukarar nyttar ulike strategiar, men eit fellestrekk er at førstespråket veg tyngre enn andrespråket i forhandlinga. Det er bevist at ein reagerer meir på følelsesorda på førstespråket, og at ein lettare kan kalle tilbake følelsar om ein vert presentert for dei på dette språket enn på andrespråket. Dette kan tyde på at følelsesorda i førstespråket har forrang for følelsesorda i andrespråket. Ei slik forklaring legg til grunn at alle har eit tydeleg førstespråk, men det er ikkje tilfellet. I Singapore, der professor Chin held til, lærer mange to språk samstundes. Det er då vanskelegare å skilje ut eitt språk som har forrang.

Språk eller kultur?

Måten ein brukar eit følelsesord på, kan seie noko plassen denne følelsen har i den aktuelle kulturen. Følelsesordet vi på norsk kallar «skam», er meir frekvent hjå personar som har mandarin som førstespråk enn hjå personar som har engelsk som førstespråk. Kan det seie noko om kulturen, eller om eit skilje i kva ein kulturelt legg i følelsen «skam»? Om ein ser på innhaldet i følelsesordet, ser ein at ordet er negativt ladd på engelsk, medan det på mandarin også har positivt innhald. Negative ord vert gjerne nytta mindre enn ord som også kan vere positive, og denne skilnaden kan difor vere med på å forklare skilnaden i bruk av følelsesordet på dei to språka. 

Eit anna døme på at følelsesord kan seie noko om kultur, er det japansk ordet «amae». På norsk kan vi omsette det med emosjonell avhengigheit, og i Japan er ordet positivt ladd, «amea» er ønskverdig. Det skil seg frå vestleg oppfatning der følelsen «avhengigheit» er knytt til det barnlege. Dette er truleg ein meir kulturell enn språkleg skilnad, og han kan seie noko om kva som er idealet i ein kultur, og kva som vert verdsett.

Måten vi uttrykkjer følelsar på, er avhengig av språket vi uttrykkjer oss gjennom. Når ein studerer følelsesord i språket og bruken av dei, ser ein at dei er knytte til kulturen dei vert brukte i.

Om Ng Bee Chin

Ng Bee Chin (ekstern lenke) (Nanyang Technological University) arbeider hovudsakleg innan området tospråklegheit og fleirspråklegheit med vekt på verknadane av språkkontakt mellom enkeltpersonar og samfunnet dei lever i. Ho utforskar både kognitive og sosiale aspekt ved språktileigning og språkbruk. For tida arbeider ho med haldningar og bruk, språk og følelsar og språkleg identitet. Chin arbeider også med språk som kjelde til immateriell kulturarv med samarbeidspartnarar i kunst- og designstudiar.

 

Av Jorunn S. Thingnes
Publisert 1. juni 2016 12:41 - Sist endret 8. mars 2019 11:04