Masterstipend ved MultiLing

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) lyser i år ut tre MA-stipend à kr 15 000 til tre studentar som skriv om eit emne som fell innanfor eitt av temaområda for MultiLing: fleirspråkleg kompetanse, fleirspråkleg praksis og fleirspråkleg forvalting. Det er eitt stipend knytt til kvart temaområde.

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Søknaden må innehalde:

  • Ei kort skildring av prosjektet der det blir gjort greie for problemstilling, forskingsspørsmål og metode (maks 3 sider). Det må også gå fram kor langt studenten er komen i arbeidet med MA-oppgåva
  • Karakterutskrift frå BA og frå MA-kurs studenten har tatt
  • Tilråding frå rettleiar

For å kunne søke på stipenda må ein vere student ved Universitetet i Oslo.

Søknadsfrist er 1. oktober 2016. Søknaden skal sendast elektronisk (pdf) til Mari C. R. Otnes og Malene Bøyum

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte: Elizabeth Lanza eller Unn Røyneland

Publisert 2. sep. 2016 15:28 - Sist endret 19. sep. 2016 11:50