Ny forskar på MultiLing

MultiLing har fått ein ny forskar på STANDARDS-prosjektet. Vi ønskjer Haley De Korne velkomen!

Haley De Korne (Photo: private)

Haley De Korne har ei doktograd i Educational Linguistics frå University of Pennsylvania (2016). Ho gjennomførte aksjonsforsking og etnografisk forsking på opplæring i språket isthmus zapotec i Oaxaca, Mexico. Ho jobbar no på STANDARDS-prosjektet ved MultiLing og vil halde fram forskinga på minoritetsspråkspedagogikk og språkpolitikk. Ho vil også bidra i den komande boka om standardisering av minoritetsspråk i samarbeid med Pia Lane.

Les meir om De Korne på personsidene til MultiLing

Publisert 31. aug. 2016 14:43 - Sist endret 9. jan. 2020 11:21