Masterstipend ved MultiLing

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) lyser i år ut tre MA-stipend à kr 15 000 til tre studentar som skriv om eit emne som fell innanfor eitt av temaområda for MultiLing: fleirspråkleg kompetanse, fleirspråkleg praksis og fleirspråkleg forvalting. Det er eitt stipend knytt til kvart temaområde.

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Søknaden må innehalde:

  • Ei kort skildring av prosjektet der det blir gjort greie for problemstilling, forskingsspørsmål og metode (maks 3 sider). Det må også gå fram kor langt studenten er komen i arbeidet med MA-oppgåva
  • Karakterutskrift frå BA og frå MA-kurs studenten har tatt
  • Tilråding frå rettleiar

For å kunne søke på stipenda må ein vere student ved Universitetet i Oslo, og skulle levere masteroppgåve hausten 2017 eller våren 2018.

Søknadsfrist er 1. oktober 2017. Søknaden skal sendast elektronisk (pdf) til Mari C. R. Otnes og Malene Bøyum

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte: Elizabeth Lanza eller Unn Røyneland

Av Malene Bøyum
Publisert 11. apr. 2017 12:04 - Sist endret 11. apr. 2017 12:04