Masterstipend ved MultiLing
Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) lyser i år ut tre MA-stipend à kr 15 000 til tre studentar som skriv om eit emne som fell innanfor eitt av temaområda for MultiLing: fleirspråkleg kompetanse, fleirspråkleg praksis og fleirspråkleg forvalting.

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO
Søknaden må innehalde:
- Ei kort skildring av prosjektet der det blir gjort greie for problemstilling, forskingsspørsmål og metode (maks 3 sider). Det må også gå fram kor langt studenten er komen i arbeidet med MA-oppgåva
- Karakterutskrift frå BA og frå MA-kurs studenten har tatt
- Tilråding frå rettleiar
For å kunne søke på stipenda må ein vere student ved Universitetet i Oslo, og skulle levere masteroppgåve hausten 2019 eller våren 2020.
Søknadsfrist er 1. oktober 2019. Søknaden skal sendast elektronisk (pdf) til Anne Charlotte Lindblom
Dersom du har spørsmål, kan du kontakte: Elizabeth Lanza eller Anne Charlotte Lindblom
Publisert 22. aug. 2019 09:32
- Sist endra 24. jan. 2020 11:52