MultiLing har fornya samarbeid med Sør-Afrika og USA

MultiLing har fått fornya INTPART-støtte. Med denne nye tildelinga på 3,4 millionar kroner vert satsinga utvida til å inkludere Georgetown University i USA, i tillegg til universiteta Stellenbosch, Cape Town, Witwatersrand og Western Cape i Sør-Afrika.

South African flag

No bygger MultiLing vidare på det første treårige INTPART-prosjektet som vart avslutta i desember 2018.

Hovudmålet for samarbeidet er å styrke det langsiktige hopehavet mellom universiteta. Det utvida partnarskapet med Sør-Afrika og USA skal fokusere på forskings- og undervisningsaktivitetar og støttar opp om dei planlagde strategiske måla for den andre femårsperioden til MultiLing.

Med 11 offisielle språk er Sør-Afrika eit svært interessant land for fleirspråklegheitsforskarar, og arbeidet ved universiteta der er svært relevant for MultiLing. Samarbeidet med den nye amerikanske partnaren, Georgetown University, vil bidra til å styrke målet om å bygge bru mellom psykolingvistiske/kognitive og sosiolingvistiske tilnærmingar til studiet av fleirspråklegheit.

Eit forskingssenter i verdsklasse

MultiLing sin ambisjon er å være eit forskingssenter i verdsklasse, og dei fem partnaruniversiteta nyt høg internasjonal anerkjenning for forsking og forskingsbasert undervisning. «I den nye treårsperioden vil vi sjå på fleirspråklegheit hos individet og i samfunnet, med eit særleg fokus på læring, globalisering og sosial rettferd» seier prosjektleiar Elizabeth Lanza. «Dette vil utgjere grunnlaget for eit langsiktig institusjonelt partnarskap med dei sørafrikanske samarbeidspartnarane våre, og den nye partnaren vår i USA.» Den nye tildelinga gjer det mogleg å halde fram med felles aktivitetar som forskarkurs, konferansar, utveksling av tilsette og studentar, utvikling av pensum, felles forskingsframlegg og felles internasjonale publikasjonar.

«Vi ser for oss to viktige hovudgevinstar frå INTPART-samarbeidet» seier Lanza vidare. «Nyskapande forsking om språk, individ og læring, og eit nytt, internasjonalt MA-program i fleirspråklegheit ved UiO. Gjennom forskingsbasert undervisning vil studentane bli betre rusta til å svare på gloabilseringsutfordringane i samfunnet, i samband med migrasjon og teknologi, til dømes.»

Gode resultat frå INTPART 1.0

Det første INTPART-prosjektet starta med ein konferanse ved universitetet i Stellenbosch, og i løpet av prosjektperioden blei det arrangert i alt tre ph.d.-sommarskular i Sør-Afrika, på University of the Western Cape (2016), på The University of the Witwatersrand i Johannesburg (2017), på University of Cape Town (2018), og eit kurs i eksperimentelle metodar ved Universitetet i Stellenbosch (2017).

Det har òg vore 4-5 sør-afrikanske deltakarar på alle MultiLings sommar- og vinterskular i Oslo, i tillegg til fleire utvekslingsopphald for både vitskapleg og administrativt tilsette. Samarbeidet har også resultert i fleire vitskaplege publikasjonar.

INTPART-deltakere på MultiLings sommerskole i 2016. Fra venstre mot høyre: Pia Lane, Anne Golden, Sibonile Mpendukana (UCT) , Zannie Bock (UWC), Mooniq Shaikjee (UWC), Frieda Coetzee (UCT), Lorato Mokwena (UWC), Janina Theron (SU), William Kelleher (Wits) og Elizabeth Lanza. Foto: Nadia Frantsen/UiO

Verda sett frå sør

«For meg som administrativt tilsett ved MultiLing, har det vore ganske augeopnande å bli betre kjent med verda sett frå sør,» seier administrativ leiar, Mari C. R. Otnes. «I staden for øst-vest-orienteringa vi er vande med i Noreg, er det nord-sør-aksen, og det postkoloniale verdsbiletet som står i sentrum for dei akademiske diskusjonane i Sør-Afrika. Og det svake ropet om avkolonisering som blafra gjennom norske medium hausten 2018, har hatt ein heilt annan legitimitet og styrke i den sør-afrikanske konteksten, post-apartheid, og det har vore sterkt å sjå dette på nært hald.»

Ho fortel at studentrørsla «Rhodes must fall» begynte omtrent samstundes med at den første sommarskulen skulle arrangerast i Cape Town. På kort varsel måtte skulen flyttast til eit konferansehotell då universitetet såg seg nøydd til å stenge campus på grunn av dei til dels valdelege demonstrasjonane. Rørsla starta med at ei gruppe sør-afrikanske studentar kravde riving av statuen av Cecil Rhodes, imperialist og sentral arkitekt bak apartheid, som tidlegare stod framfor dei storslagne hovudbygga på Universitetet i Cape Town. Dei såg statuen som ei sterk påminning om den undertrykkande kolonialismen, og dermed som ein provokasjon og hån mot dagens Sør-Afrika. Det enda med at statuen fall, og studentane gjekk vidare til kampen mot dei høge studieavgiftene i rørsla «Fees must fall».

Språkleg aktivisme, makt og avkolonisering

Desse hendingane har vore fortløpande tatt inn i dei faglege diskusjonane i prosjektet, og dei har aktualisert spørsmåla kring språkleg aktivisme, makt og avkolonisering. I desember 2018 arrangerte Universitetet i Cape Town prosjektets tredje og siste sommarskule. Her var det nettopp "Liberation, Revolution, Transformation, Decolonization. Reflecting on Language Activism and Language Policy" som stod i sentrum for diskusjonane.  Prosjektleiar professor Elizabeth Lanza, professor Unn Røyneland, professor Pia Lane, Mari C. R. Otnes og fleire av MultiLings juniorforskarar deltok på denne sommarskulen då dei fekk nyheita om at prosjektet fekk vidare finansiering i tre nye år, med Georgetown University som ny partnar. Gjennom dei tre første åra har prosjektdeltakarane blitt godt kjende med kvarandre, og alt ligg no til rette for eit fruktbart vidare samarbeid.

Cape Towns velkjende silhuett med Taffelberget og Lion's head sett frå Lagoon Beach, der sommarskulen blei arrangert då universiteta måtte stenge campus i 2016. (Foto: UWC)

Om INTPART

Finansieringsordninga «Internasjonale partnarskap for framifrå utdanning og forsking (INTPART)» skal bidra til at norske høgre utdannings- og forskingsinstitusjonar utviklar varige relasjonar med sterke fagmiljø og institusjonar i prioriterte land: Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika og USA.

INTPART-prosjektmiddel har vore lyst ut i fire rundar sidan 2015, og i alt 89 prosjekt har fått tildelt støtte. 28 av desse har gått til UiO. Dette er eitt av åtte prosjekt som gjekk til UiO i årets tildeling.

Av Ellen Evju Jahr
Publisert 4. feb. 2019 14:45 - Sist endra 19. mars 2020 08:51