MultiLing stilte mannsterke på MONS 18

27. november gjekk Møte om norsk språk (MONS) av stabelen. Konferansen vart arrangert av NTNU og gjekk over tre dagar.

Pernille Hansen og Elisabeth Holm  (ved Oslomet) presenterer på konferansen MONS 18. Dei står til ventre i biletet, og Hansen peiker på lysbileteframvisinga. På lysbiletet står følgjande tekst: "Hvor mye av språkkompetansen til en flerspråklig person er synlig for oss?". Lysbiletet viser òg ein figur som illustrerer balansen eller ikkje-balansen i fleirspråkliegheiten til ein person.

Pernille Hansen (MultiLing) og Elisabeth Holm (Oslomet) presenterte om heilskapleg kartlegging av språkkompetansen til fleirspråklege barn.

Foto: Mari W. Andersen

Nokre av dei store temaa på MONS denne gongen var korpusbasert grammatikkforsking, språkleg mangfald i skulen og språkveksling og skriftspråkskifte. Konferansen samlar mange av språkvitarane i Noreg, og det var fleire høgdepunkt undervegs, mellom anna fleire særs engasjerande plenarforedrag om folkelingvistikk, språkemna i skulefaget norsk og utvikling av pragmatikk hos norske barn.

LIA-korpuset

Janne Bondi Johannesen peiker på eit av lysbileta i powerpoint-framvisinga si. Johannesen står til høgre i biletet. Lysbiletet viser ei oversikt over tendensar ho og fleire forskarar fann i UPUS-prosjektet, som gjekk frå 2006-2010. "Ikkje-V2" er ringa rundt.
Janne Bondi Johannesen fortel om grammatiske utviklingar i storbynorsk.

Eit anna høgdepunkt var lanseringa av LIA-korpuset, der Janne Bondi Johannessen er prosjektleiar. Lanseringa vart feira med brask og bram allereie den første konferansedagen, og mange av deltakarane på MONS uttrykte at dei såg fram til å bruke korpuset i forskinga si. I tillegg til å vere med på lanseringa av det nye korpuset, deltok Johannessen med eit innlegg der ho snakka om V2 og ikkje-V2 i storbynorsk. Då presenterte ho på vegner av seg sjølv og Toril Opsahl.

Bidraga til MultiLing

Andre MultiLing-representantar var Pernille Hansen og Hanne Gram Simonsen (med fleire forfattarar), som presenterte om heilskapleg kartlegging av språket til fleirspråklege barn. Dei same to forskarane (med fleire forfattarar) heldt òg innlegg om ordleiting og ordfinning hos fleirspråklege med demens, også her var fleire frå senteret medforfattarar.

Ane Theimann står klar ved sida av det første lysbiletet i powerpoint-framvisinga si. Theimann står på høgre side av lerretet, smiler og ser i kameraet.
Ane Theimann presenterer masterprosjektet sitt.
Hanne Gram Simonsen og Pernille Hansen står klare ved sida av det første lysbiletet i powerpoint-framvisinga deira. Simonsen står på venstre side av lerretet, og Hansen står på høgre side.
Hanne Gram Simonsen og Pernille Hansen fortel om forskinga si på fleirspråklege med demens.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vidare snakka Ane Theimann om masterprosjektet sitt, som handlar om prediksjon under språkprosessering hos tospråklege barn. Prosjektet vart i 2018 tildelt masterstipend av MultiLing. Pernille Hansen og Ekaterina Kuzmina er rettleiare i masteroppgåva til Theimann, og dei var begge medforfattarar på innlegget hennar.

Torsdag heldt Anne Golden eit innlegg om forståing av metaforiske uttrykk hos polske studentar av norsk saman med Oliwia Szymanska (ILN). Golden presenterte også om prosjektet ho jobbar med saman med Ingebjørg Tonne, der dei forskar på arbeid med ordforråd og ordbygging i skulen.

Same dag som Golden heldt sine to foredrag, presenterte Pawel Urbanik om fleirspråkleg kommunikasjon på arbeidsplassar, og tilhørarane var særs interesserte i det multimodale materialet dei jobbar med. Urbanik heldt foredraget på vegner av seg sjølv og Jan Svennevig.

Anne Golden står klar ved sida av det første lysbiletet i powerpoint-framvisinga si. Golden står på ein plattform til venstre for lerretet, smiler og ser i kameraet.
Anne Golden er klar til å fortelje om forskinga si.
Pawel Urbanik står klar ved sida av det første lysbiletet i powerpoint-framvisinga si. Urbanik står til høgre for lerretet og har hendene i lommene.
Pawel Urbanik snakkar om språkleg praksis på fleirspråklege arbeidsplassar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist, men ikkje minst bidrog Unn Røyneland med to innlegg på konferansen. Det eine dreidde seg om utviklingstendensar i valdresdialekta, og var eit samarbeid med Brit Mæhlum ved NTNU. Det andre innlegget handla om eit prosjekt som ho og Øystein Vangsnes (UiT – Noregs arktiske universitet) jobbar med, der dei undersøker multilektale skrivepraksisar hos ungdommar i Noreg. Ein lengre samtale og diskusjon følgde, sidan det var satt av tid til slikt etter det siste innlegget for dagen.

Utsikt over Nidelva i Trondheim sentrum. Det er midt på dagen, og himmelen er overskya.

Fremjar samarbeid

Alt i alt var MultiLing godt representert på MONS 18, med heile ni innlegg frå forskarar som er tilsette på eller knytte til senteret. Ein fekk sjå innlegg frå alle temaa til MultiLing, og innhaldet i presentasjonane strekte seg over mange underdisiplinar. Innlegga vart godt tatt i mot av publikum, og gode spørsmål, samtalar og diskusjonar følgde. Konferansar som MONS gir rom og moglegheit for fleire og nye samarbeid mellom forskarar og mellom institusjonar, institutt og sentre, og difor eit viktig bidrag til å føre språkforskinga vidare.

 

Av Mari J. Wikhaug Andersen
Publisert 6. des. 2019 16:02 - Sist endra 24. jan. 2020 11:52