Masterstipend ved MultiLing

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) lyser i år ut tre MA-stipend à kr 15 000 til tre studentar som skriv om eit emne som fell innanfor eitt av temaområda for MultiLing: fleirspråkleg kompetanse, fleirspråkleg praksis og fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk.

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Søknaden må innehalde

  • Ei kort skildring av prosjektet der det blir gjort greie for problemstilling, forskingsspørsmål og metode (maks 3 sider). Det må også gå fram kor langt studenten er komen i arbeidet med MA-oppgåva
  • Karakterutskrift frå BA og frå MA-kurs studenten har tatt
  • Tilråding frå rettleiar

For å kunne søke på stipenda må ein vere student ved Universitetet i Oslo, og skulle levere masteroppgåve hausten 2020 eller våren 2021.

Søknadsfrist er 1. november 2020. Søknaden skal sendast elektronisk (pdf) til Anne Charlotte Lindblom 

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte: Elizabeth Lanza eller Anne Charlotte Lindblom

Av Anne Charlotte Lindblom
Publisert 26. aug. 2020 13:06 - Sist endra 8. okt. 2020 08:45