Forskingsprosjektet Multilectal Literacy in Education (MultiLit) fekk støtte av Forskingsrådet

Eit større forskingsprosjekt som dreiar seg om fleirspråklegheit og læring vart tildelt middel frå Forskingsrådet i runda med tildelingar no i januar. Unn Røyneland ved MultiLing er leiar for ei av arbeidspakkene i prosjektet.

Bilde fra et klasserom, utsnitt med seks elever som sitter ved pultene sine og leser.

Læring og multilektalitet

Det er Høgskulen på Vestlandet (HVL) som eig MultiLit-prosjektet, og Øystein Vangsnes ved HVL og UiT Noregs arktiske universitet er prosjektleiar. Forskarar frå desse to universiteta, og MultiLing ved UiO er involverte. 

HVL skriv på nettsida si at "MultiLit-prosjektet skal undersøke om – og i så fall korleis – det å meistre og bruke ulike nærståande skriftspråk bidrar til læring, både språklæring og læring meir allment. Prosjektet tar utgangspunkt i den norske språksituasjonen, der mange elevar utviklar høg kompetanse i begge dei norske skriftspråka og der også svært mange jamleg skriv dialektnært i private samanhengar."

Multilektale skriftspråkspraksisar

Unn Røyneland ved MultiLing skal vere leiar for arbeidspakka som dreiar seg om dialektskriving på sosiale medium og utviklinga av normer for dialektskriving blant multilektale og monolektale ungdomar. Målet er mellom anna å kartlegge dialektskrivingsmønster i ulike delar av landet, og å undersøke korleis og kvifor ungdom skriv på dialekt på ulike digitale plattformer. Noko av arbeidet med å samle inn datamateriale har allereie starta.

Fleire tildelingar

Denne tildelinga er ei av fleire som forskarar knytt til MultiLing har fått den siste tida. Både Toril Opsahl og Kristin Vold Lexander vart i desember tildelt middel frå Forskingsrådet. Opsahl leiar eit prosjekt som skal forske på kommunikasjonen til polske migrantar på norske arbeidsplassar, og Lexander skal studere den digitale kommunikasjonen til litauarar som bur i Noreg.

 

Publisert 29. jan. 2020 10:25 - Sist endra 29. jan. 2020 10:25