Stipend til masteroppgåver om polakkar i Noreg

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) lyser ut inntil to masterstipend à kr 10.000.

Merk ny søknadsfrist: 11. oktober, 2021. 

En ung mann og tre unge kvinner sitter rundt et bord og snakker. Mannen sitter med et nettbrett og den ene kvinnen har en laptop. De to andre kvinnene sitter med kaffekopper.

Kanskje du eller ein medstudent er aktuell for NorPol sitt masterstipend? Foto: Brooke Cagle på Unsplash

Om stipenda

Stipenda skal gå til studentar ved norske utdanningsinstitusjonar som skriv MA-oppgåve innanfor temaet andrespråkskommunikasjon blant polakkar i Noreg. Stipenda er knytt til forskingsprosjektet NorPol, og oppgåver som bidreg med ny, empirisk basert kunnskap om arbeidsplasskommunikasjon som involverer polske arbeidstakarar i Noreg, vil bli prioriterte.

Søknaden må innehalde

  • Ei kort skildring av prosjektet, der det blir gjort greie for problemstilling, forskingsspørsmål og metode (maks 3 sider). Det må også gå fram kor langt studenten er komen i arbeidet med MA-oppgåva
  • Karakterutskrift frå BA og frå MA-kurs studenten har tatt
  • Tilråding frå rettleiar eller frå ein annan fagperson om rettleiar førebels ikkje er tildelt.

For å kunne søke på stipendet må ein ha planlagt å levere masteroppgåve hausten 2021 eller våren 2022.

Ny søknadsfrist er 11. oktober 2021. Søknaden skal sendast elektronisk (PDF) til Anne Charlotte Lindblom

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte prosjektleiar Toril Opsahl eller rådgjevar Anne Charlotte Lindblom

Publisert 7. juni 2021 16:30 - Sist endret 21. sep. 2021 08:52