English version of this page

Masterstipend ved MultiLing 2022

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) lyser i år ut tre MA-stipend à kr 15 000.

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Illustrasjonsfoto: Anders Lien/UiO

Kven kan få stipend?

Stipenda går til tre studentar som skriv om eit emne som fell innanfor eitt av temaområda for MultiLing: fleirspråkleg kompetanse, fleirspråkleg praksis og fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk.

Søknaden må innehalde

  • Ei kort skildring av prosjektet der det blir gjort greie for problemstilling, forskingsspørsmål og metode (maks 3 sider). Det må også gå fram kor langt studenten er komen i arbeidet med MA-oppgåva
  • Karakterutskrift frå BA og frå MA-kurs studenten har tatt
  • Tilråding frå rettleiar
  • Søknaden kan skrivast på norsk eller engelsk

For å kunne søke på stipenda må ein ha fullført det første året på masterprogrammet ved Universitetet i Oslo, og skulle levere masteroppgåve våren 2023 eller hausten 2023.

Søknadsfrist er 1. november 2022. Søknaden skal sendast elektronisk (pdf) til Camilla Cho

Dersom du har spørsmål, kan du kontakte:  Haley De Korne eller Camilla Cho

Av Camilla Cho
Publisert 5. sep. 2022 14:02 - Sist endra 17. jan. 2024 16:19