Å velje eit minorisert språk: mellom språkpolitiske ideal og språkleg realitet [Choosing a minoritized language. Between language policy ideals and language reality

PhD dissertation by Jorunn Thingnes, published online January 2021.

Abstract

Denne avhandlinga set søkelys på val av minoriserte språk i norsk akademia, nærare bestemt nynorsk og nordsamisk. Ho styrker kunnskapen vår om språkpolitikk som prosess, forholdet mellom aktørskap og struktur og rolla legitimitet spelar i språkpolitikk. Avhandlinga utforskar språkpolitikken ved Høgskulen på Vestlandet og Sámi allaskuvla (Samisk høgskole) og språkvala som er gjorde for institusjonane som heilskap og av tilsette i deira daglege arbeid. Dette er gjort ved å granske utarbeidinga av språkpolitiske retningslinjer og val av publiseringsspråk. Sentrale tema for avhandlinga er språkpolitiske prosessar, språkpolitiske aktørar og legitimitet. Studien kombinerer fleire typar datamateriale: intervju, observasjon, høyringssvar og styringsdokument. Ved Sámi allaskuvla er intervju primærdata, medan observasjon av arbeidet i gruppa som utarbeidde dei språkpolitiske retningslinjene, er den viktigaste datakjelda frå Høgskulen på Vestlandet. Det metodologiske rammeverket er språkpolitisk etnografi, som rettar merksemda mot fem sentrale tema: aktørar, mål, prosessar, diskursar og sosiale og historiske kontekstar. Avhandlinga viser at trass i mange avgrensande strukturar er det mogleg å velje minoriserte språk i akademia i Noreg i dag. Dette vert mogleggjort via støttande språkpolitikk og individuell og kollektiv aktørskap. Avhandlinga bidreg vidare til ei utviding av kva emne det vert forska på innan språkplanleggingsvitskap i Noreg, og kva metodologiske tilnærmingar som vert brukte. Ho bidreg også i diskusjonen kring språkstatus og språkforvalting, særleg gjennom å syne at nynorsk er del av ein diskurs der språkval må forklarast og forsvarast. Gjennom å nytte omgrepet minorisert – som konseptualiserer språkleg ulikskap som resultat av dominansforhold og dynamiske prosessar – synleggjer avhandlinga at språkstatus ikkje er ibuande, men resultat av prosessar og forhold mellom språk snarare enn forhold ved eit språk i seg sjølv

Download the PhD here  (pdf)

Published June 1, 2021 2:55 PM - Last modified June 1, 2021 2:56 PM