English version of this page

Organisasjon

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er ein integrert del av Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN).

Leiing

Tre damer smiler. Foto.
Ledelsen ved MultiLing. Foto: Nadia Frantsen/UiO
Portrettfoto Elisabeth Lanza.
Senterleiar Elizabeth Lanza

Senterleiar

Senterleiar er forskar og har det overordna ansvaret for MultiLings drift og utvikling, MultiLings forsking, forskaropplæring, forskingsformidling, rettleiing, undervisning og anna fagleg basert verksemd. 

 

Nestleiar Unn Røyneland

Nestleiar

Nestleiar er forskar og inngår i MultiLings leiargruppe. Nestleiar fungerer som senterleiar ved behov  og skal kunne ivareta alle funksjonane til senterleiar. Nestleiar har det overordna ansvaret for presse, kommunikasjon og synleggjering av senterets forsking.

 

Portrettfoto Mari C. R. Otnes.
Administrativ leiar Mari C. R. Otnes

Administrativ leiar

Administrativ leiar inngår i MultiLings leiargruppe. Den administrative leiaren har det overordna ansvaret for den ikkje-vitskaplege aktiviteten ved senteret.

 

 

 

Senterleiar og administrativ leiar står for den daglege drifta av MultiLing.

Instituttstyret ved ILN er også styre for MultiLing. I tillegg har senteret eit internasjonalt samansett rådgjevende panel (Scientific Advisory Board) med særlig ansvar for å følge opp implementeringsplanar og årsplan.

Tekstlaboratoriet skal bidra med teknisk assistanse til MultiLing gjennom sine noverende og framtidige ressursar.

Publisert 18. feb. 2013 21:55 - Sist endret 1. mars 2021 11:13