English version of this page

INTPART I – Partnarskap med Sør-Afrika (avsluttet)

Medan det er auka merksemd kring korleis mobilitet og språkleg mangfald resulterer i utbreidd fleirspråklegheit i ein europeisk kontekst, er det og aukande interesse og behov for meir merksemd kring opplevingar av fleirspråklegheit, mobilitet og mangfald på den sørlege halvkula.

Om prosjektet

Med sine elleve offisielle språk er Sør-Afrika eit ideelt miljø for studiar av fleirspråklegheit. MultiLing ynsker å sette søkelys på afrikanske opplevingar av fleirspråklegheit, mobilitet og mangfald, og dei sørafrikanske forskarane som er involverte i prosjektet, jobbar alle med forsking som er relevant for forskingsmåla til  MultiLing.

Prosjektaktivitetane inkluderer seminar organiserte i fellesskap, workshopar og konferansar, besøk av gjesteforskarar, utveksling av forskarar og undervisnings- og administrasjonspersonale, utveksling av doktorgradsstudentar og samarbeid for å vidareutvikle kurs og læreplanar.

Prosjektet starta offisielt i mars 2016 med eit opningsarrangement hjå STIAS (Stellenbosch Institute for Advanced Study) ved Stellenbosch University. Her var 60 forskarar frå alle partnarinstitusjonane samla for workshopen "Interdisciplinary approaches to the study of multilingualism: Bridging the gap."

Mål

Hovudmålet for partnarskapsprosjektet er at MultiLing skal etablere, vidareutvikle og styrke samarbeidet med forskarar ved fire leiande sørafrikanske universitet. Forskinga ved desse universiteta passar godt for forskingsprofilen til MultiLing, særleg det grunnleggande målet om å bygge bru mellom psykolingvistiske og sosiolingvistiske tilnærmingar til språk og fleirspråklegheit. I tråd med det sentrale målet til INTPART-ordninga, ynsker prosjektet å kople saman forsking og høgare utdanning i prosjektaktivitetane.

Resultat

Vi ser for oss at det foreslåtte INTPART-partnarskapet vil vere eit viktig bidrag til MultiLings mål og visjon. Vidare vil samarbeidet bidra til felles utvikling og forsterkinga av unik og etterspurt kunnskap, i tillegg til at det vil vere med på å fremje internasjonal anerkjenning av eit stadig viktigare forskingsfelt i ei global verd.

Meir spesifikt har vi ambisjonar om at arbeidet frå det internasjonale partnarskapet mellom MultiLing/Institutt for lingvistiske og nordiske studier/UiO og dei utvalde toppinstitusjonane i Sør-Afrika skal resultere i det følgande:

  • Felles kurs, seminar og utdanningsprogram som vart etablerte og institusjonaliserte innan rammeverket til partnarskapet (jf. særleg masterprogrammet i fleirspråklegheit til Institutt for lingvistiske og nordiske studium UiO)
  • Mobilitet for studentar og forskarar, i tillegg til strukturar som støttar mobilitet innanfor rammeverket til partnarskapa
  • Felles artiklar og publikasjonar mellom forskarar og/eller master- og doktorgradsstudentar i partnarskapa
  • Utarbeiding av søknadar for ny forskingsfinansiering for prosjekt innan rammeverket til partnarskapa
  • Samarbeid med offentlege sektorar i båe land.

Forsking på fleirspråklegheit er særleg relevant og viktig i dagens samfunn, og formidling av forskingsresultat på feltet er difor heilt naudsynt. Det nære samarbeidet mellom MultiLing og partnarinstitusjonane i Sør-Afrika vil bli framheva når ein vender seg til sentrale interessentar i offentleg sektor.

Felles kunnskapsutveksling, gjennom forsking og utdanning, frå europeiske og afrikanske forskarar med ei interesse for språkleg mangfald, vil vidareutvikle global forståing av fleirspråklegheit, eit fenomen som ikkje berre inneber personlege moglegheiter og utfordringar, men også konsekvensar for samfunnet som heilskap.

Varigheit

3 år

Om INTPART

MultiLing-prosjektet er eit nettverksprosjekt under Internasjonale partnerskap for fremragende utdanning og forskning (ekstern lenke). Hovudmålet til INTPART er å utvikle høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar i verdsklasse i Noreg ved å fremje og finansiere institusjonelle langtidspartnarskap med sterke akademiske miljø og institusjonar i åtte prioriterte land: Brasil, Canada, Kina, India, Japan, Russland, Sør-Afrika og USA. Ordninga ynsker å auke kvaliteten og relevansen i samarbeidet med utvalde land, særleg gjennom integrering av komponentar innafor høgare utdanning og forsking.

Finansiering

Forskningsrådet og Senter for internasjonalisering av utdanning, INTPART-ordninga (3.9M NOK).

 

Publisert 13. okt. 2016 10:48 - Sist endret 21. nov. 2019 14:13