English version of this page

Fleirspråklegheit i lingvistiske landskap: Praksisar og ideologiar

Lingvistiske landskap refererer til bruken av skriftspråk og andre semiotiske ressursar i det offentlege rom. Dette er ein ny tilnærming i studiar av fleirspråklegheit.

Om prosjektet

Dette prosjektet fokuserer på lingvistisk praksis og språkideologi i fleirspråklege samfunn gjennom å granske lingvistiske landskap. Kort forklart er lingvistiske landskap bruken av skriftspråk og andre semiotiske ressursar i det offentlege rom, ei ny tilnærming i studiar av fleirspråklegheit. I arbeidet konsentrerer vi oss om studiar av lingvistisk landskap i den afrikanske periferien, med eit fokus på Etiopia og den etiopiske diasporaen i USA.

Bakgrunn

Prosjektet sprang ut frå eit anna prosjekt ETHIOLING, Vernaculars in Ethiopian Schools project, som var eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Oslo og Addis Ababa University. Det tok for seg etiopisk utdanningspolitikk og implementeringa av politikken med særleg fokus på lokale språk i skulen. ETHIOLING-prosjektet blei finansiert  frå 2001 til 2006 av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) (legg til lenke), tidlegare kalla NUFU.

Om studiar av lingvistisk landskap

Studiar av lingvistisk landskap har utvikla seg til eit veksande tverfagleg felt. Eit nettverk av forskarar møttest i Tel Aviv for den første i ei rekke av internasjonale workshopar om lingvistiske landskap (Linguistic Landscape workshops), og Linguistic Landscape 8 vart arrangert av University of Liverpool i april 2016. I 2015 lanserte John Benjamins Publishing Company eit internasjonalt tidsskrift dedisert til feltet.

Varigheit

Pågåande

Samarbeid

Hirut Woldemariam, Addis Ababa University, Etiopia

Emneord: Flerspråklig praksis, Flerspråklighet ideologier og språkpolitikk
Publisert 13. okt. 2016 12:18 - Sist endret 6. nov. 2018 12:40

Kontakt

Elizabeth Lanza

(+47) 22856751