Eides språksjov: Ord på vandring

Sjølvaste Eides språksjov kjem til Blindern!

Foto av Linda Eide
Linda Eide er programleiar for Eides språksjov på NRK. Foto: Sindre Skrede/NRK. 

Kor langt har madrassa vandra og kor kort har gaffelen gått? Har Norge gitt verda fleire ord enn quisling og fjord? Og korleis kan ein nasjonal tresko enda opp som ein global sabotør? Gunstein Akselberg og Linda Eide ordbadar kvarandre og dukkar ned i ord med overraskande og spennande reiser. Det handlar om ord som har vandra frå eitt språk til eit anna og ord som har vandra frå ei tyding til ei anna.

Og forresten så skal du leita godt om du finn ein norsk gammaldans blant dei norske gammaldansane. Så ja, det vert reinlendar på blokkfløyte!

 

Denne spesialutgåva av språsjovet er del av Ordfestivalen 2020.

Inviter vener på Facebook!

Publisert 5. feb. 2020 13:12 - Sist endret 7. juli 2020 17:04