Novemberbris i Jordan

Dei siste dagane har befolkninga i Jordan protestert mot prisauke på drivstoff, annonsert av statsminister Abdullah Ensour tysdag 13. november. Sidan me kom hit har me sett små og store protestar mot ulike utfordringar som folk har fått dei siste åra. I slutten av august og starten av september var det ei tilsvarande protestbølgje, men demonstrasjonane fekk ikkje det omfanget dei har no.

På nett byrjar opprøret å bli kalla habbat tishriin dvs "novembervind". 

Her i Amman har folk protestert på plassen/rundkjøringa foran innanriksministeriet, Duwwar ad-Dakhiliya, og det har også vore protestar rundt omkring i sentrum og i andre område, som på Jebel al-Hussein. Politiet har forsøkt å løysa opp demonstrasjonane, den på Dakhiliya blei møtt av gendarmerie med vannkanonar og tåregass, og plassen har vore stengt av mykje av tida dei siste to dagane. 

Frå steninga av Dakhiliya og protestane på Jebel al-Hussein i går.

Dei voldsomste protestane har vore i dei andre store byane. Det er meldt om brenning av bankar, rådhus og politistasjonar, og i alle fall ein person er omkomen i Irbid, skoten av politiet.

Jordan har ein svært open økonomi, strøm og vatn er privatisert, og dei har ikkje inntektsskatt. Så myndigheitene er pressa på å finna ein måte å kutta budsjettunderskotet etter krav frå mellom anna IMF. Og sidan det er vanskeleg å ta pengar frå dei velståande, så er det folk flest som må ta rekninga. Statsministeren annonserte ei rundt 10 % auke i pris på bensin og gass, noko som vil få konsekvensar for transport, og for prisane på livsnødvendigheiter som brød. Lønningane for arbeidarar er låge, og basert på at bensin og brød er tilgjengelig til ein rimelig og subsidiert pris. Og det er stor arbeidsløyse i landet. Så protestane kjem fordi folk flest ikkje har råd til denne prisauka no.

Protestane har vore støtta av heile opposisjonen, og mellom anna lærarfagforeininga og juristforeininga streikar. Men det går heile tida rykte om at krefter, som t.d. Den muslimske brorskapen, er på veg til å trekka seg ut av protestane.

Spørsmålet om dette vil bli ein ny vår, eller ein novembervind med styrke nok til å velta regimet står framleis opent. Opposisjonen i Jordan har til no vore for splitta, og protestane har ikkje utfordra regimet og kongen opent. Men dette kan vera i ferd med å endra seg, i alle fall krevjer demonstrantane at regimet skal bort no.

Emneord: Amman, Jordan, Midtøsten, dyrtid, opprør, demonstrasjon Av Ingrid Baltzersen
Publisert 15. nov. 2012 13:15 - Sist endret 23. juni 2015 14:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere