Skjønnheitas løyndom

Når ein bur i eit anna land med andre tradisjonar oppdagar ein også problem ein ikkje tenkte var moglege. Det eine er korleis ein som kvinne skal finna seg ein frisørsalong.

I Noreg er marknadsføringa til frisørsalongane hovudsakleg retta mot kvinner, og i dei har store vindauge på gateplan med plakatar av fine frisyrer og innsyn til klyppeprosessen. Her er det motsatt, i gata vår er det fire frisørsalongar/barberarar for menn som er opne døgnet rundt og ein kan få seg ein enkel og streit frisyre for under 20 kroner. Mens frisørsalongar for kvinner ligg minst i andre etasje og dei har tildekka inngangsparti. Kvinneleg hår er jo noko som mange her meiner at skal dekkast til, og konsekvensen av det blir at damefrisørar også må dekka til salongen sin.

Etter å ha forsøkt å vera observant nokre veker fann eg faktisk ein frisør for kvinner også i nabolaget, eg oppdaga han gjennom reklameplakaten han hadde i første etasje i kjøpesenteret han ligg i. Etter å ha tatt heisen opp, og gått gjennom dette inngangpsartiet:

 

fann eg ei vakker verd av rosa greske søyler, ein kvit persarkatt (med eige pass så ho kan vera med på bryllupsstyling utanlands), europeisk diskomusikk (à la Gaynors I will survive), og ein flink frisør som faktisk høyrde på det eg ville, og klipte meg i ei kul frisyre.

 

Leitinga etter frisør minner meg om leitinga eg og han eg deler leilighet med hadde etter eit treningsstudio for begge kjønn. Etter ein del søking på internett og forsøk på å vera observante fann me ut at det finst minst to treningsstudio her i nabolaget. Etter å ha brukt ein ettermiddag på å spør oss rundt fann me ut at fleire av dei som var nemna på nett ikkje fanst lengre, og at dei to som framleis var der kun var for damer. Me fann også ut at det flotte treningsanlegget som heiter Sports City hadde ein gym, men i følgje nettet var den også hadde kjønnsdelte opningstider, sånn at me ikkje kunne trena samtidig. Stor var derfor vår overrasking då me nokre veker seinare var der for å bada, og fann ut at treningsstudioet der faktisk var ope for begge kjønn heile tida. Så viss me faktisk hadde dratt for å undersøka sjølv, så hadde me hatt eit treningsstudio å gå til frå dag ein.

Så konklusjonen på leiting etter skjønnheitas løyndom er:

1: Det er dei underlegaste ting som er kjønnsdelte og gøymd bort.

2: Ikkje stol på info frå internettet i ein by der ting opnar og blir lagt ned og endrar tilbod heile tida.

Ein liten anektdote til slutt:

Ein venn av meg her frå Amman hadde holdt av eit vakkert utebord i smijern og marmor, med utskjærte greske kvinneansikt hos ein brukthandlar. Men då han kom tilbake for å henta bordet var ansikta kutta bort. Han spurte sjokkert korleis dette var skjedd, og fekk beskjed om at eigarane hadde sagt det var syndig å selja bordet med desse vakre utskjæringane. Så no er skjønnheita berre ein skult løyndom.

Emneord: Jordan, Kultur, Midtausten, frisør, kjønn, trening, Amman, Midtøsten, religion Av Ingrid Baltzersen
Publisert 13. okt. 2012 12:17 - Sist endret 23. juni 2015 14:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere