Redaktør og kritikar

Både som redaktør og kritikar må du snakke frå ein kvalifisert ståstad, frå ein kunnskapsrik posisjon. Der har utdanninga mykje å seie, meiner Maria Horvei, kunsthistorikar og redaktør i Vinduet, Gyldendals tidsskrift for litteratur.

Maria Horvei

Kva er dei viktigaste oppgåvene i jobben din?

– Vinduet er eit tidsskrift med fire årlege utgåver, og som redaktør bestiller og redigerer eg alle bidrag – sjølv om eg stundom henter inn andre si meining òg. Så på den eine sida er det mykje planlegging, der eg tenker på idear til saker, legg planar for komande nummer og er i dialog med bidragsytarar. På den andre sida er det mykje redigeringsarbeid, der eg arbeidar med tekst som skal på trykk.

Kva likar du best med jobben?

– Eg er verkeleg glad i å arbeide med tekst, og det kjennes som eit stort privilegium å få arbeide så dedikert med gode, kunnskapsrike skribentar.

Kva av det du lærte på HF har du hatt størst nytte av i denne jobben?

– Kjeldekritikk og metode er sjølvsagt viktig i alt idé- og skrivearbeid. Men aller viktigast for meg er den fagkunnskapen eg har med meg frå ei relativ lang utdanning – altså det teoretiske apparatet, detaljkunnskapen om ein estetisk tradisjon og forståinga for historia sett gjennom kunsten. Både som redaktør og som kritikar, som eg også er, må du snakke frå ein kvalifisert ståstad, frå ein kunnskapsrik posisjon. Der har utdanniga mykje å seie.

Det beste rådet du kan gje til ferske studentar om utsikten til jobb etter studia?

– Dei aller fleste humanistar vil ha nytte av å kunne formulere kunnskapen sin skriftleg, så skriv for studenttidsskrifta – eller andre tidsskrift – om du kan. Om du har eit journalistisk gen, er Universitas ein fabelaktig skule. Og, heilt generelt: Ver pliktoppfyllande! Lever avtalt jobb til avtalt tid, alltid. Slikt vert lagt merke til.

Av Torunn Nyland, arbeidslivskoordinator HF
Publisert 25. okt. 2018 09:52 - Sist endret 25. okt. 2018 09:52