Hospitant i Kunnskapsdepartementet

I løpet av praksisopphaldet fekk eg vere med på utviklinga av nye EU-strategiar for Erasmus+ og Horisont Europa. Dette var veldig spennande, spesielt sidan eg fekk vere med i prossessen frå start til mål, fortel Lisa Lindseth Samuelsen, masterstudent på Europeiske språk med praksisopphold i KD vårsemesteret 2021.

Bildet kan inneholde: briller, hår, briller, eyewear, frisyre.

Lisa Lindseth Samuelsen

Hvilke arbeidsoppgaver hadde du da du var i praksis?

– Eg fekk vere med på utviklinga av nye EU-strategiar for Erasmus+ og Horisont Europa. Dette var veldig spennande, spesielt sidan eg fekk vere med i prossessen heilt frå starten av, til strategiane var ferdigstilte. I arbeidet med desse strategiane har eg blant anna vore med på mange møte, skrive referat, heldt presentasjonar, laga matriser og lest og strukturert innspel frå aktørar.

I tillegg til arbeidet med strategiane fekk eg vere med på bilaterale møte med strategisk viktige land, noko eg synst var veldig spennande og interessant. Eg svarte òg på e-postar som kom inn til Kunnskapsdepartementet. Dette var ei ny og lærerik oppgåve fordi skrivemåten er veldig mykje meir diplomatisk og formell enn det eg er vand med. Elles var det diverse oppgåver, eg utfordra meg sjølv og fekk prøve meg på mykje forskjellig.  

I tillegg til arbeid i KD skreiv eg ei semesteroppgåve. Temaet vart valt ut for å passe til det eg studerer, altså russisk, men i tillegg ha ein samanheng med det eg jobba med i KD - utdanning og forsking. Det å kombinere skrivinga av denne oppgåva med jobb kunne vere ei utfordring, mest fordi eg gjerne ville få med meg mest mogleg av arbeidet i KD. Samtidig har arbeidet med semesteroppgåva vore veldig spennande, og det å knytte det eg lærte i praksis til studieområdet mitt var veldig gjevande.

Fordi eg skal begynne å skrive master til hausten hadde eg eit obligatorisk masterskissefag, noko som var veldig nyttig med tanke på masteroppgåva.

Hvordan brukte du kompetansen fra utdanningen på HF?

– Frå studiane har eg mykje fagleg kunnskap, men det viktigaste var det å kunne arbeide med store mengder tekst, skrive godt og kome fram til tydelege formuleringar. I starten spesielt, men òg gjennom heile praksisperioden var det mykje nytt å sette seg inn i, så det å vere vant til å lese og ta til seg ny informasjon hjelpte veldig. I samanheng med dette var vanen med å ta notatar og skrive ned kva som blir sagt veldig nyttig, spesielt i møte eg skulle skrive referat frå. Elles var det òg fint å kunne kome med perspektiv på korleis kvardagen er for studentar.

Hva er/var den største nytte av praksisoppholdet ditt?

– Det viktigaste eg vil ta med meg frå halvåret her i KD er all den praktiske arbeidserfaringa, det å lære av å gjere sett eg veldig pris på. Det meste av det eg har lært er ting som ein ikkje lærer seg gjennom studiane. Å få eit innblikk i arbeidskvardagen har vore nyttig fordi det er noko anna enn studiekvardagen. I løpet av praksisopphaldet har eg lært mykje om samarbeid, og om å jobbe saman med andre med større prosjekt på nye måtar. Spesielt med tanke på den digitale kvardagen har dette vore nyttig. For meg var det veldig fint å sjå korleis ein jobbar med internasjonalt samarbeid frå norsk side, og å få eit innblikk i det norske embedsverket og korleis det fungerer.

I tillegg har det vore greitt å få eit avbrekk i studiane før eg til hausten skal i gang med å skrive masteroppgåve. Det har gjeve meg ny motivasjon til starte på masteroppgåva, men spesielt til å tenke på framtida og det å gå ut i arbeidslivet.

Noe annet du gjerne vil formidle? 

– Om du ikkje er sikker på om du vil ta eit praksissemester - gjer det! Om du skal ut i praksis - utfordre deg sjølv, ta sjangsar og lær noko nytt. Du er der for å lære og kjem til å ha mange flinke folk rundt deg som kan hjelpe deg med det som er nytt og vanskeleg.

Arbeidserfaring er så viktig, ikkje berre fordi det ser bra ut på ein CV, men fordi du lærer så mykje om praktisk arbeid, arbeidslivet, og om deg sjølv. Du finn ut kva du likar å halde på med (eller ikkje), du får eit heilt nytt blikk på samarbeid og du får lære av erfaringane til dei som har vore i arbeidslivet lenge. I tillegg til alt det som er nyttig er det veldig kjekt. 

Altså, hopp i det og ta sjansen!

Bildet kan inneholde: datamaskin, bord, personlig datamaskin, laptop, lys.
Hospitantopphold våren 2021 betyr også erfaring med hjemmekontor.

 

Av Torunn Nyland, arbeidslivskoordinator HF
Publisert 27. apr. 2021 11:45 - Sist endret 27. apr. 2021 19:53