Korpuset inneheld 15 125 ord/einskildteikn (tokens) frå private meldingar mellom 226 ungdommar på niande trinn frå fire skular i til saman tre ulike dialektområde i Noreg.
Meldingane speglar ungdommane si digitale sosiale skriving, og vart donerte til forskingsprosjektet Multilektal skrivekunne i opplæringa (Multilectal Literacy in Education, forkorta MultiLit) i samband med at forskarane gjorde språkvitskaplege undersøkingar ved dei aktuelle skulane.