English version of this page

Kompetanseheving og rettleiing

Humit er eit kompetansesenter for IT i humanistisk forsking. Vi tilbyr hjelp, opplæring og rådgiving til både tilsette og masterstudentar på HF.

IT i humanistisk forsking

Treng du hjelp til å bruke IT i humanistisk forsking? I tillegg til våre eigne tenester har vi oversikt over kva som finst i andre miljø ved UiO og erfaring med kva som er mest nyttig for HF-forskarar. Dette kan vere til dømes programvare eller databaseløysingar. Vi har og ulike tilbod innan digital kompetanse.

Nokre eksempel på kva vi kan tilby
 

Kurs og rettleiing

Humit kan gi kurs og rettleiing innan generiske digitale ferdigheiter og t.d. i bruk av korpus, databasar og andre språkteknologiske verktøy. Ønskjer du kurs/rettleiing innan noko vi ikkje tilbyr, hjelp vi deg med å finne ut kven du kan kontakte.

Søknadshjelp

Vi hjelper til med å utforme og beskrive tekniske arbeidspakker i prosjektsøknader og lage realistiske budsjett. I enkelte tilfelle kan vi også gå inn som partnar i prosjektsøknader dersom det er ønskeleg.

Rådgjeving i faglege prosessar

I faglege prosessar som handlar om fagnær IT, skal Humit tilby rådgjeving og deltaking.

Infrastruktur og lagring av data

Humit kan gi råd om korleis og kor du bør lagre forskingsdata med tilhøyrande metadata. Vi kan også hjelpe til med å søke TSD- eller Educloud-prosjekt.

FAIR og personvern

Forskningsdata bør vere FAIR (Findable, Accessible, Interoperable, Reusable). Humit deltar aktivt i UiOs kompetansehub QualiFAIR og kan gje råd i slike spørsmål eller hjelpe deg med å finne rett instans til å hjelpe på UiO. Det same gjeld spørsmål om personvern.

Opptak og transkripsjon

Vi har lang erfaring med opptak og transkripsjon av lydfiler og video.

Lån av opptaksutstyr og laptopar

Vi låner ut enkelt opptaksutstyr som trådlause myggar, stereoopptakarar, seksspors opptakarar, og videokamera med tilhøyrande mikrofonar og eit hjelmkamera.
Vi har også laptopar til utlån som kan brukast til opptak, eksperiment eller ved andre kortvarige oppgåver.

 

Ta kontakt med oss på epost eller stikk innom ein av oss for ein prat.

Send oss ein epost

Publisert 29. aug. 2023 10:44 - Sist endret 10. juni 2024 13:58