Personopplysningar i våre korpusprosjekt blir berre brukte til forskingsføremål etter artikkel 6.1 a (samtykke) eller 6.1 e (oppgåve i allmenta si interesse). Personopplysningar som blir handsama, er som regel lyd- eller videoopptak av informantar, informasjon om alder, bustad, kjønn, utdanningsnivå og yrkeskategori, samt opplysningar om opptaket som opptaksår og sjanger. Sikt, Kunnskapssektorens tenesteleverandør, har vurdert at handsaminga av personopplysningar er i samsvar med personvernregelverket for kvart enkelt prosjekt.
Tilgangen til søkbare korpus med metadata om informantane, transkripsjonar, lyd- og videofiler er avgrensa til forskarar og studentar via innlogging med Feide eller CLARIN. Analysar av heile lyd- og videofiler er som regel berre mogleg via UiO sine serverar.
Deling av data
Personopplysningar i form av video- eller lydfiler kan i nokre tilfelle delast med andre forskingsinstitusjonar til forskingsføremål. I mange tilfelle kan dataa ikkje brukast til kommersielle formål.
Om data skal delast med andre, må vi inngå dataoverføringsavtalar som mellom anna sikrar at data berre skal brukast til konkrete forskingsprosjekt, at data blir sletta når forskingsprosjektet er avslutta, og at forskingsprosjekta tek vare på nødvendige garantiar etter GDPR art. 89, til dømes lagring i trygge, krypterte løysingar.
Ta kontakt med oss dersom du ønsker å samarbeide om eit prosjekt.
Informantane sine rettar
Så lenge informantane kan identifiserast i datamaterialet, har alle informantar i våre prosjekt rett til:
- å få innsyn i personopplysningane som blir handsama
- å motta ein kopi av opplysningane
- å avgrense bruken av dei i prosjektet og få dei retta eller sletta
- å sende klage til Datatilsynet på handsaminga av personopplysningane
Informantar kan ta kontakt med oss om dei har spørsmål omkring dette.
Personvernombodet ved UiO skal bidra til at UiO tek vare på personverninteressene. Kontakt: personvernombud@uio.no