Døme på kva maskinane kan nyttast til
Desse GPU-ane kan brukast til å utføre følgande typer oppgåver, men er ikkje avgrensa til desse:
Tekstanalyse i store mengder tekst
Ressursar kan vere aviser, forfattararkiv, bokdatabasar, manuskript med meir.
- Sentimentanalyse
- Morfologisk analyse
- Temamodellering (Topic Modeling)
- Gjenkjenning av spesielle typar fraser eller ord
Maskinlæring og språkmodellering
- Trene eigne modellar som fungerer som GPT på spesifikke datasett
- Automatisk transkripsjon
- OCR og feilretting etter OCR
- Omsetting
Bildeanalyse
- Bildeklassifisering
- Identifikasjon av spesifikk informasjon i bildedata
- Handskriftgjenkjenning i store datasett. For eksempel bruk av Transkribus på eit stort bildekorpus
- OCR i store datasett
Analyse av store mengder lyddata
- Transkripsjon av lyddata
- Identifikasjon av spesielle tegn/mønstre i lyddata
- Spektralanalyse
- Automatisk identifikasjon av musikksjanger
Kva må eg gjere for å ta i bruk maskinane?
For å ta desse maskinane i bruk er det nødvendig å opprette eit Educloud-prosjekt. Sjå korleis du opprettar eit Educloud-prosjekt.
Når prosjektet er oppretta, tek du kontakt med Humit på humit@hf.uio.no, så ordnar vi det slik at prosjektet ditt får privilegert tilgang til nodane. Vi kan også tilby rettleiing i bruk av systemet.
Tips til bruk av GPU-ane
Etter at du har oppretta konto på Educloud, kan du logge på Fox-maskinane og bruke Slurm-systemet til å køyre skriptane. Du kan også bruke Jupyter Notebook (gjennom web) for eksperimentering.
Kontakt gjerne Humit for meir informasjon om bruk av GPU-ane.
Spesifikasjonar
- gpu-14: 4 x Nvidia H100 NVL GPUar med 100 GB minne
- gpu-15: 4 x Nvidia L40S GPUar med 40 GB minne