English version of this page

Utvikling, drift og forvaltning av elektroniske ressursar

Humit tilbyr hjelp med utvikling og drift av elektroniske ressursar.

Dette kan vere alt frå enkle verktøy og datasett til skreddersydde applikasjonar for annotering, visning og søk i humanistiske data. I ressurskatalogen vår kan du sjå eksempel på kva vi har laga tidlegare.

Standardløysingar

For nokre behov tilbyr vi ferdige standardløysingar som er enkle å ta i bruk. Per i dag gjeld dette først og fremst tekst- og talespråkskorpus som vi legg inn i søkeverktøyet Glossa.

På sikt ønsker vi også å tilby standardløysningar for andre typar data som passar inn i enkle databasar.

Skreddarsaum

Vi lagar også løysingar som passar for akkurat ditt prosjekt, anten du treng ein mobilapp for å samle inn data, ein database tilpassa dine eigne forskingsdata, eller eit verktøy for å handtere og analysere data.

Pris og avtaledokument

For enkle tekst- og talespråkskorpus i Glossa er prisen åtte programmerar-vekesverk. For skreddersydde løysingar estimerer vi arbeidsomfanget og fakturerer per veke. Pris for internt finansierte prosjekt er 19.000 NOK per vekesverk. Ved eksternt finansierte prosjekt ønsker vi å komme tidleg inn på søknadsstadiet for å sikre ei realistisk budsjettering.

For både små og store oppdrag lagar vi avtaledokument mellom Humit og oppdragsgjevar med ei arbeidsbeskriving og eit prisoverslag. Sjå mal for avtale for interne oppdragsgjevarar (pdf).

Ta kontakt

Skriv til oss med ei lita beskriving av kva du ønsker, så avtalar vi eit uforpliktande møte.

Send oss ein epost

 

 

Publisert 5. sep. 2023 16:21 - Sist endret 10. juni 2024 13:57