English version of this page

Fildepot for LIA

Søkbart fildepot med alle norske dialektopptak frå LIA-prosjektet.

Logo LIA-prosjektet

Fildepotet inneheld meir enn 3000 filer med tilhøyrande metadata og transkripsjonar frå korpuset LIA norsk. Lydfilene kan ein lytte til, medan transkripsjonane kan lastast ned. 

Infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible) var eit nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket. Hovudmålet for prosjektet var å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk slik at dei kunne bli revitaliserte som verdifullt forskingsmateriale.

Les meir på heimesida til LIA.

Logg inn i fildepotet med Feide eller CLARIN eller kontakt tekstlab.post@iln.uio.no.

 

Søk i fildepotet

 

 

Emneord: fildepot, dialektopptak, lydfiler, eldre dialekter
Publisert 10. aug. 2023 11:46 - Sist endra 5. des. 2025 15:03