DigSos-korpuset

Eit korpus med digitale sosiale meldingar frå ungdommar på niande trinn på fire skular.

Logoen til prosjektet

DigSos-korpuset er ei tekstsamling med private meldingar mellom 226 ungdommar på niande trinn frå fire skular i til saman tre ulike dialektområde i Noreg. Korpuset inneheld 15 125 ord/einskildteikn (tokens). Meldingane speglar ungdommane si digitale sosiale skriving.

Meldingane vart donerte til forskingsprosjektet Multilektal skrivekunne i opplæringa (Multilectal Literacy in Education, forkorta MultiLit) i samband med at forskarane gjorde språkvitskaplege undersøkingar ved dei aktuelle skulane.

Les meir om prosjektet

Korpuset er fritt tilgjengeleg for forsking i søkeverktøyet Glossa. 
Logg deg inn med Feide, CLARIN eller kontakt tekstlab-post@iln.uio.no.
 

Søk i korpuset

 

 

Logoane til høgskular og universitet i prosjektet

 

Emneord: bokmål, nynorsk, ungdom, digitale sosiale meldinger, tekstkorpus, Glossa
Publisert 17. sep. 2026 16:41 - Sist endret 23. sep. 2026 14:00