English version of this page

LIA norsk - korpus av eldre dialektopptak

LIA norsk inneheld opptak og transkripsjonar av eldre dialektopptak frå fire norske universitet. Korpuset har heile 1382 informanter frå 227 kommunar i Noreg, i alt ca 3,5 millionar ord.

Logo LIA-prosjektet

LIA norsk er utvikla av Tekstlaboratoriet ved ILN, Universitetet i Oslo, og tagga med ein nyutvikla talemålstaggar for nynorsk talemål.

Korpuset er eitt av resultata frå infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible), eit nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket. Hovudmålet for prosjektet var å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribere og annotere dei og leggje dei inn i databasar slik at dei blir revitaliserte som verdifullt forskingsmateriale.

Les meir på heimesida til LIA.

Korpuset er fritt tilgjengeleg for forsking i søkeverktøyet Glossa, som er utvikla av Tekstlaboratoriet. Logg deg inn med Feide, CLARIN eller kontakt tekstlab-post@iln.uio.no.
 

Søk i korpuset

 

 

Emneord: talespråkskorpus, Glossa, eldre dialekter, transkripsjoner
Publisert 22. juni 2023 14:12 - Sist endra 5. des. 2025 15:06