Korpuset har 122 informantar frå 19 stader og nesten 190 000 ord. Korpuset er ordklassetagga av Giellatekno (giellatekno.uit.no).
Korpuset er eitt av resultata frå infrastrukturprosjektet LIA (Language Infrastructure made Accessible), eit nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom fire universitet (UiO, UiB, UiT og NTNU), Norsk Ordbok 2014 og Nasjonalbiblioteket. Hovudmålet for prosjektet var å redde gamle talemålsopptak med norsk og samisk språk, transkribere og annotere dei og leggje dei inn i databasar slik at dei blir revitaliserte som verdifullt forskingsmateriale.
Les meir på heimesida til LIA.
Korpuset er fritt tilgjengeleg for forsking i søkeverktøyet Glossa, som er utvikla av Tekstlaboratoriet. Logg deg inn med Feide, CLARIN eller kontakt tekstlab-post@iln.uio.no.