Mussolini brukte latin for å knyte fascismen til det mektige Romarriket

Mussolini og dei italienske fascistane brukte latin – språket til mektige menn som Cæsar og Augustus – til å framstille seg sjølve som dei rette arvingane etter Romarriket.

«Propagandameisteren» Benito Mussolini vart sjølv offer for propaganda i den britiske filmen Yellow Caesar frå 1941. Her gjer regissør Alberto Cavalcanti eit regelrett karakterdrap på Il Duce i ein film som var eit ganske avansert, tidleg døme på politisk satire på det kvite lerretet.» Bilde fra Scanpix

Den 9. mai 1936 heldt fascistleiaren Benito Mussolini ein av sine mest kjende talar. Italia hadde sigra i den andre italiensk-abessinske krigen; kongen av Italia var no også herskar over keisarriket som omfatta dagens Etiopia og Eritrea.

Frå balkongen i 2. etasje i Palazzo Venezia i Roma, proklamerte Mussolini atterreisinga av eit italiensk imperium for ei ekstatisk folkemengd. Imperieproklamasjonen starta slik:

«Italia har no fått sitt imperium. Eit fascistisk imperium, eit imperium for fred, eit imperium for sivilisasjon og menneskelegdom.»

To veker seinare vart proklamasjonen publisert i latinsk omsetjing i eit magasin, deretter også i bokform. Omsetjinga var utført av ein professor ved namn Nicola Festa, og Mussolini var godt nøgd med jobben.

Kvifor var den italienske fascistleiaren så oppsett på å bli attgjeven i eit språk frå antikken?

- Eg vedgår at det kan sjå underleg ut ved første augekast. Når det gjeld omsetjing og klassiske språk, er vi jo vande med at vegen går frå fortid til notid; frå «daude» språk til moderne, levande språk. At fascistane gjorde det motsett og omsette frå italiensk til latin, skuldast eit ønske om å forankre ideologien i stolte romerske imperietradisjonar, fortel Han Lamers.

Han Lamers har forska på korleis det italienske fascistregimet (1922-1943) brukte latin for å skrive seg inn i stolte romerske imperietradisjonar. Foto: UiO

Nederlendaren er førsteamanuensis ved Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk ved Universitetet i Oslo. Dei siste åra har han og Bettina Reitz-Joosse frå Universitetet i Groningen forska mykje på korleis det italienske fascistregimet (1922-1943) brukte latin til politiske føremål.

«Både stemme og ekko»
- Fascistane såg seg sjølve som atterreisarar og vidareførarar av Romarriket. Dei dyrka det historiske Roma og alt som kunne knytast til mektige leiarar som Cæsar og Augustus, seier Lamers.

Fascistane innførte mellom anna den såkalla romerske helsinga med utstrekt høgrearm. Vanleg handhelsing med handtrykk meinte dei var både slapt og uhygienisk. Dei brukte flittig det gamle maktsymbolet fasces («fascisme» er ei avleiing av dette ordet); ein bunt av kjeppar som vart bore under opptog og seremoniar i Romarriket.

Og dei revitaliserte altså det latinske språket.

 - Latin hadde vore eit verdsspråk, og sjølv om latinen meir eller mindre døydde ut som internasjonalt språk i løpet av perioden frå 1650 til 1800, hadde Italia framleis ein ganske sterk tradisjon for å skrive på latin. Kyrkja brukte latin, og ein del poetar skreiv på latin. Sånn sett var ikkje språket daudt, men det fascistane gjorde, var å gi latinen ei ny meining, forklarer Lamers.

Fascistane brukte latinen til å intensivere kultusen der dei dyrka Romarriket og gamle romerske dydar som mot, handlekraft og stamina. Latinen fekk ei dobbel rolle; den både knytte fascismen til ein stolt tradisjon og kommuniserte ein ideologi fascistane meinte var revolusjonær og framtidsretta.

- Poeten Alfredo Bartoli, som skreiv på latin, meinte at det latinske språket i 1934 både høyrte den moderne tida til og ga den nye tidsånda klassisk form; språket var «stemme og ekko på ei og same tid», fortel forskaren.

Nasjonal augestein
Fascistane promoterte latin som eit nasjonalt språk alle italienarar skulle vere stolte av. Det vart undervist i latin på skulane og skrive i alle fall ei lærebok i moderne italiensk historie på latin.

- Det å ikkje lære seg latin, vart sett på som ei slags form for desertering – rett nok mild – frå ideala til regimet. Latinen skulle ikkje erstatte italiensk, men vart sett som eit språk som var særleg eigna til å målbere essensen i fascismen, seier Lamers.

Latinske tekstar fekk entusiastisk mottaking i ein krets av toneangivande intellektuelle, men foreløpig veit ikkje forskarane så mykje om mottakinga blant folk flest – eller kor mykje latinske lærebøker vart brukte i skulane.

- Det som nok var mest synleg for kvarmannsen, var dei mange latinske inskripsjonane som prega bybiletet i Roma, fortel UiO-forskaren.

«Den evige stad» er full av latinske inskripsjonar. Denne, frå Piazza Augusto Imperatore («Keisar Augustus sin plass»), er frå Mussolini-perioden. Foto: Wikimedia Commons

Hjartet og hjernen i arbeidet med å revitalisere latinen låg på eit eige institutt for romastudiar (Istituto di Studi Romani) i «den evige stad». Her oppretta ein komitear for fornying av språket, etablerte omsetjingskontor, laga fagtermar slik at latin kunne brukast i moderne vitskapar – og dreiv med føredrag og annan publikumsretta verksemd både på og om latin.

- Dei måtte oppdatere språket og lage nyord for å kunne omtale nye tema og nye innsikter, seier Lamers.

Dei italienske fascistane utvikla etter kvart også ein ambisjon om å internasjonalisere det latinske språket – gjere det til lingua franca i verda.

- Dei hadde ein ide om at når ein omsette frå italiensk til andre språk, vart resultatet på ein måte ringare enn den originale teksten. Om ein heller kunne kommunisere med verda på latin – som ein gong hadde vore eit verdsspråk – slapp ein denne degraderinga. Latin vart dessutan sett som spesielt eigna til å formidle fascistiske ideal og idear, forklarer Lamers.

Fascistisk framtidshelsing
I 1932, i samband med tiårsjubileet for maktovertakinga, reiste fascistane ein obelisk ved sportsanlegget som i dag mellom anna husar heimebanen til fotballaga Lazio og Roma.

Obelisken er visuelt spektakulær, men det mest interessante aspektet ved minnesmerket, er ikkje synleg for det blotte auge. Under tonnevis med marmor ligg det nemleg eit skrin med nokre medaljar og ein tekst skriven på pergament.

Teksten – som er på latin – vart også utgjeven i litt ulike variantar i forskjellige publikasjonar. Lamers og Reitz-Joosse har saman skrive boka «Codex fori Mussolini», der teksten er rekonstruert, omsett til engelsk og kommentert.

- Teksten består av tre delar. Den første handlar om korleis Mussolini redda Italia etter første verdskrig, fortel Lamers, som har omsett ein nokså typisk smakebit til norsk:

«På denne tida, ved guddommelig befaling og vilje, dukka ein MANN opp. Han var velsigna med eit særeige skarpt sinn og ein svært viljesterk ånd, klar til å ta på seg eller lide alt med tapperheit. I sitt guddommelege sinn utforma han ein plan for ikkje berre å atterreise den fortapte og omstyrta posisjonen [til Italia] til sin tidlegare tilstand, men til og med å atterreise for italienarane det Italia som dei gamle romarane hadde omgjort til ei leiestjerne for heile verda, og han begynte å sette planane ut i livet. Denne Mannen var BENITO MUSSOLINI.»

- Den andre delen var ein presentasjon av den fascistiske ungdomsorganisasjonen og leiaren deira. Dette var ein viktig organisasjon som hadde i oppdrag å forme nye menneske etter romerske ideal; menneske som kunne handle og lide med stort mot, fortel Lamers.

Den tredje delen var ei skildring av korleis obelisken vart frakta til staden frå marmorbrota i Carrara og reist – på nærast overmenneskeleg vis – i Roma.

Han Lamers og Bettina Reitz-Joosse har skrive bok om «den latinske tidskapselen» fascistane la ned under ein obelisk i Roma i 1932. Foto: Wikimedia Commons

«Tidskapsel»
Lamers og Reitz-Joosse trur skrinet under obelisken var tenkt som ein slags tidskapsel og at den latinske teksten var mynta på eit framtidspublikum.

- At teksten var skrive på pergament – som er meir varig enn papir – tyder på det. At dei forklarte pedagogisk kva første verdskrig var, tyder også på at dei såg for seg lesarar langt fram i tid, seier Lamers.

- Men hadde det ikkje vore meir naturleg å velje eit levande verdsspråk som til dømes engelsk om ein skulle kommunisere med framtidsmennesket?

- Frå fascistane sin ståstad var nok latin eit rasjonelt val. Dei såg på latin som eit språk for framtida, og vi skal også hugse at dette i ein forstand ikkje var eit «daudt» språk. Det vart framleis brukt av kyrkja, poetar skreiv på latin, og det hadde i det heile vist seg som eit haldbart, transhistorisk språk, seier forskaren.

Teksten under obelisken har vore framstilt i media som «Mussolini sitt brev til framtida», men Lamers er usikker på kor involvert Mussolini var i akkurat dette prosjektet:

- Mykje tyder på at det først og fremst var leiaren for fascistungdommen, Renato Ricci, som sto bak. Diverre har vi ikkje fått tilgang til private arkiv som kan gje oss svar på dette.

Filologane og fascismen
Dei som forska på klassisk litteratur og klassiske språk – filologane – opplevde fornya interesse for fagfeltet sitt då fascistane kom til makta. Det baud på både auka prestisje og etiske utfordringar.

- Nokre av dei som opplevde at fascismen gav dei fornya fagleg kredibilitet, let seg bruke av regimet. Det er det vi kan kalle den mørke sida av klassisk filologi, at ein bidrog til å forsvare regimer som forankra ideologien sin i antikken. Dette såg vi både med Roma-dyrkinga under Mussolini og i Hitler-Tyskland, der ein var oppteken av det gamle Hellas og særleg av Sparta, seier Lamers.

Han understrekar likevel at det var svært individuelt korleis filologane såg på regimet. Nokre var motstandarar, andre omfamna fascismen og mange dreiv med sitt innanfor mindre politiserte greiner av faget.

Dei italienske fascistane var ikkje berre opptekne av Cæsar og Augustus, men også av Konstantin den store, som gjerne vert rekna som den første kristne keisaren. Foto: Wikimedia Commons

Keisar Konstantin og kyrkja
At fascistane dyrka Cæsar og Augustus, jamt over rekna som dei «største» romerske leiarane, er vel kjend. Det som ikkje har vore kjend tidlegare, er at fascistane også fatta stor interesse for Konstantin den store, som var keisar frå 306-337.

- Konstantin vert gjerne betrakta som den første kristne keisaren, og fascistane såg det nok opportunt å skrive seg inn i ein kristen tradisjon, seier Lamers.

Mussolini hadde ikkje alltid hatt eit godt forhold til Vatikanet, men det betra seg etter Lateranovereinskomsten i 1929, som mellom anna førte til opprettinga av Vatikanstaten med paven som monark. Etter dette hendte det at Mussolini vart samanlikna med Konstantin den store, som gjennom Milanoediktet frå 313 lovde trusfridom i Romarriket.

- Denne samanlikninga var nyttig for Mussolini, som trengte støtte frå det katolske etablissementet, seier Lamers, som fortel at ein doktorgradsstudent no er i ferd med å utforske korleis kyrkja oppfatta fascismen sin heftige flørt med latinen:

- Den katolske kyrkja hadde jo aldri slutta å bruke latin, så eg trur det vil vere veldig interessant å sjå korleis dei reagerte på fascistane si framstilling av latin som «sitt språk». Stritta dei imot, eller spelte dei med?

«Trompetstøyt i landskap av ruinar»
Vi veit alle korleis det gjekk med Mussolini og draumen om eit nytt Romarrike. 28. april vart leiaren sjølv, elskarinna Clara og fleire medlemmer av fascistregjeringa avretta av kommunistiske partisanar.

Imperieproklamasjonen til Nicola Festa hadde mista glansen då regimet kollapsa. Lamers fortel at mot slutten av krigen, var historikaren Salvatore D’Elia isolert i ein småby der skulane var stengde og straumen kopla frå. Der sat han og skreiv om latinen til Festa – som han trass alt syntest var elegant – at den var «ein meiningslaus trompetstøyt i eit landskap av ruinar».

Referansar
Han Lamers (2017): «Latinizing Mussolini’s Message: Nicola Festa’s Latin Translation of the ‘Proclamation of Empire’ (1936/7)», International Journal of the Classical Tradition, Vo. 24. Iss. 2. s. 198-218.

Han Lamers and Bettina Reitz-Joosse (2016): «Lingua Lictoria: the Latin Literature of Italian Fascism», Classical Receptions Journal, Vol. 8 Iss. 2 s. 216-252.

Han Lamers and Bettina Reitz-Joosse (2016): «The Codex fori Mussolini: A Latin Text of Italian Fascism».

Rannem, Øyvin (2017): «Capitalis i fascismens tegn» i boka Bokstavene i historien. Maktsymbol fra Augustus til Mussolini. s. 330–357.


Forankringa av fascismen
Forskinga omtalt i artikkelen er del av prosjektet «Anchoring Fascism», eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Universitetet i Groningen (Nederland) og del av eit større forskingsprogram som ser på korleis innovasjonar vert forankra i tradisjonar (slik t.d. e-boka etterapar sideinndelinga frå ei fysisk bok for å verke «bokaktig»). Han Lamers og Bettina Reitz-Joosse har særleg sett på korleis dei italienske fascistane i perioden 1922-1943 brukte det latinske språket for å forankre sin revolusjon i ein større historisk tradisjon. Med finansiering frå UiO vil forskarane vil etter kvart digitalisere ei samling av latinske tekstar og omsetjingar utgjevne av fascistane.

Av Øystein Rygg Haanæs
Publisert 3. mai 2019 12:35 - Sist endret 3. mai 2019 12:35