Åttande møte: Trengst eit forum for kritisk teori?

I dette møtet vil vi diskutere om det er bruk for eit forum for kritisk teori, og i så fall kvifor.

Bildet kan inneholde: monokrom, murstein, murverk.

Her vil vi opne for diskusjon om kva rolle forumet skal spele. Trengst eit forum for kritisk teori? Kan forumet samlast rundt visse prinsipp, eller kan det eventuelt einast om kva det opponerer mot? Korleis skal vi forstå “kritisk teori”, og kva for teoretikarar og teoriar skal dette femne om? Skal forumet ha ein konkret funksjon, som å bidra med kritiske perspektiv i det offentlege rom?

Det er ikkje nødvendig å lese noko på førehand for å delta på dette møtet. 

For dei som ønskjer å delta digitalt, vil møtet òg vere tilgjengeleg via Zoom.

Vel møtt!

Publisert 9. nov. 2025 12:15 - Sist endret 10. nov. 2025 10:53