Bokseminar: Benjamins Baudelaire

I vårt neste bokseminar vil professor emeritus i litteraturvitskap, Ragnhild Evang Reinton, presentere boka Benjamins Baudelaire.

Seminaret vil primært dreie seg om den litterære Benjamin. Ikkje berre skreiv og tenkte Benjamin litterært, men litteratur og estetiske problemstillingar spelar ei sentral rolle i erfarings- og historiefilosofien hans. I Passasjeverket vender han seg til Baudelaire for å studere somme av endringane som framveksten av det moderne varesamfunnet førte med seg, både for kunsten og for den menneskelege erfaring. Reinton vil konsentrere seg om melankolien, storbyerfaringen og auraforfallet, slik det kjem til uttrykk i Baudelaires poesi, men også ta for seg tanken om ein restaktig aura i seinmoderniteten. Målet med boka har mellom anna vore å vise kor viktig kunst og litteratur er som "ubevisst historieskriving", noko som ofte blir gløymd både i filosofien og i samfunnsvitskapen.

For dei som vil lese seg opp på førehand, vil vi anbefale følgande tekstar:

  • Ragnhild Evang Reinton, Benjamins Baudelaire, Solum Bokvennen, 2022.
  • Walter Benjamin, «Om noen motiver hos Baudelaire», i Passasjeverket, Vidarforlaget, 2017.
  • Dag T. Andersson, «Som en umistelig evne skulle ha blitt berøvet oss: Erfaringens vilkår i informasjonens tidsalder», Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift, vol. 18, 2015.

Eventuelt også:

  • Walter Benjamin, J-konvolutten, i Passasjeverket, Vidarforlaget, 2017.

Møtet er ope for alle. Vel møtt!

Emneord: Benjamin, Baudelaire, Estetikk, Litteraturvitenskap
Publisert 20. mai 2026 11:15 - Sist endret 20. mai 2026 11:15