Robert Pippin, professor ved Chicago-universitetet, har i fleire tiår vore blant dei fremste forsvararane av Hegel. Derfor er det oppsiktsvekkjande når han i boka The Culmination (2024) slår fast at «Heidegger har rett. Det finst ikkje noko absolutt.» Heidegger hevda at filosofien frå Platon til Hegel byggjer på ein fordom, nemleg at alt som er, i prinsippet kan gripast av tanken. Hos Hegel blir denne tradisjonen fullbyrda, den «kulminerer», og derfor blir det synleg kva han ikkje kan grunngje. Pippin går etter tur gjennom Heideggers lesing av Kant og Hegel, og spør til slutt kva filosofien kan vere etter kulminasjonen.
Ingvild Torsen, førsteamanuensis i filosofi ved IFIKK, har drøfta boka i Hegel Bulletin. Ho stiller to spørsmål. Kva har skjedd med oss, som arvtakarar etter idealismen? Og korleis bør filosofien svare? Hegel lova at fornuft kunne få oss til å kjenne oss heime i verda. Men framandgjering, tingleggjering og rotløyse har ikkje forsvunne, og Pippin avsluttar med å spørje om Hegels etiske liv i det heile tatt er mogleg under global kapitalisme. Samtidig er Torsen kritisk til Heideggers alternativ, ei einsformig forfallsforteljing som i dei såkalla svarte hefta blir kopla til antisemittisme. Ho peikar heller mot kunsten, der vi kan erfare meining som ikkje lar seg artikulere fullt ut, men som like fullt ikkje er irrasjonell.
For kritisk teori er dette kjent terreng. Horkheimer og Adorno kritiserte "instrumentell fornuft", men såg antisemittisme som eit symptom på denne fornufta. Og Adorno søkte, som Torsen, til kunsten for å finne det omgrepa ikkje får tak i. Står vi igjen med eit val mellom Hegel og Heidegger, eller finst det ein tredje veg?
Torsen losar oss gjennom diskusjonen i første halvdel av seminaret. Rundt kl. 15.00 opnar vi for samtale.
Seminaret er ope for alle (studentar så vel som tilsette), og det er ikkje nødvendig å lese Pippin for å dukke opp.
Vel møtt!