Er revolusjonen framleis relevant, og korleis skal vi i så fall forstå omgrepet? Idet det tradisjonelt og etter eige utsegn revolusjonære partiet Raudt har blitt støtteparti for regjeringa, kan det sjå ut som om revolusjonen er lagt død.
Er det tilfelle? Og er det grunn til å skilje så klart mellom revolusjon og reform? Kva med "ikkje-reformistisk reform" eller "revolusjonær praksis"?
Temaet denne gang er knytt til våre diskusjonar om realisme og utopi denne våren, og som førebuing til 1. mai. Diskusjonen vil fokusere på følgjande to tekstar:
Rahel Jaeggi, 2025, "Reform or Revolution: Continuity or Discontinuity of Progress", i Progress and Regression, 36-52.
Christoph Menke, 2018, "The Act of Negation: Logical and Ontological“, i Zeitschrift für Medien- und Kulturforschung 9 (2), 43-58. Finst her.
Bakgrunnslesing:
Raymond Geuss, 2004, "Dialectics and the revolutionary impulse", i Fred Rush (red.) The Cambridge companion to critical theory, 103-38. Finst her.
Reinhart Koselleck, 1985, “Historical Criteria of the Modern Concept of Revolution”, i Futures past: on the semantics of historical time, 39-54. Finst her.
Send gjerne e-post til e.t.lygre@ifikk.uio.no om du vil ha tilsendt Jaeggi-teksten (på engelsk eller tysk).
Vel møtt!