Første møte: Kva er universalpragmatikk?

I haustens første møte i Forum for kritisk teori tar vi for oss ein språkfilosofisk klassikar. 

Bildet kan inneholde: kunst, visuell kunst, maleri, maling, kunstmaling.

The Conversation av Henri Matisse.

Velkomne til ein ny haust med kritisk teori!

Semesterets første møte i forumet blir torsdag 3. september, kl. 14:15-16:00 i rom GM452.

På møtet vil vi først seie litt om planane for hausten. Desse er framleis delvis opne – kom gjerne med forslag til tema og anna.

Vi går så over til ein felles diskusjon av følgande klassikar:

Habermas, J. 1979. What is universal pragmatics? I: Habermas J. Communication and the Evolution of Society. Trans. T. McCarthy. London: Heinemann, 21-91

Dette er ein lang tekst, og det er ikkje forventa at ein har lese alt. Vi ser kor langt vi kjem. Éin av planane for semesteret er å undersøke språk og språkfilosofi over fleire møter.

Send epost til e.t.lygre@ifikk.uio.no dersom du vil delta via Zoom. 

Vel møtt!

Publisert 31. aug. 2026 15:03 - Sist endret 31. aug. 2026 15:03