Omgrep som ressentiment og regresjon er på nytt blitt aktuelle, for ikkje å seie uomgjengelege, om ein vil forstå den politiske situasjonen vi lever i. Framveksten av autoritære og høgrepopulistiske rørsler verda over reaktualiserer spørsmål som har stått sentralt i kritisk teori sidan starten: korleis har det seg at sosial misnøye gir opphav til reaksjonære heller enn frigjerande politiske krefter? Kva kan vi gjere med det?
I dette møtet les vi tekstar av Rahel Jaeggi og Rüdiger Bittner. Jaeggi argumenterer for at ressentiment ikkje er tilstrekkeleg som analysekategori åleine, men må forståast som ein regresjonsmodell — det vil seie som ei utilstrekkeleg og blokkert form for krisehandtering. Bittner går tilbake til Nietzsche og spør korleis ressentiment verkar som psykisk mekanisme.
Tekstane er del av forumets forsøk denne våren på å forstå vår politiske samtid.
Hovudtekstar
Jaeggi, Rahel. "Modes of Regression: The Case of Ressentiment." Critical Times 5, nr. 3 (2022): 501–537.
Bittner, Rüdiger. "Ressentiment." I Nietzsche, Genealogy, Morality: Essays on Nietzsche's On the Genealogy of Morals, redigert av Richard Schacht, 127–138. Berkeley: University of California Press, 1994.
Anbefalt bakgrunnslitteratur
Fassin, Didier. "On Resentment and Ressentiment: The Politics and Ethics of Moral Emotions." Current Anthropology 54, nr. 3 (2013): 249–267.
Huddleston, Andrew. "Ressentiment." Ethics 131, nr. 4 (2021): 670–696.
Møtet er ope for alle. Vel møtt!