English version of this page

Språkpolitikk i norsk akademia

Dette prosjektet tek føre seg språkpolitikk i norsk akademia, med ei vekt på institusjonar som tek det ein kan skildre som uvanlege språkval. Prosjektet granskar kva som verkar inn på språkval og utarbeiding av språkpolitikk i akademia.

Jorunn Simonsen Thingnes (foto: Nadia Frantsen)

Om prosjektet

Datamaterialet i studien består av observasjonar, intervju og språkpolitiske dokument. Det vert analysert med sikte på å få meir innsikt i kva som verkar inn på språkpolitikk og språkpraksis, kva institusjonar tener og tapar på å gjere uvanlege språkval, og meir overordna å forstå norsk akademia som ein språkleg marknad der nasjonale språk opererer saman med engelsk. Eg tek utgangspunkt i to utdanningsinstitusjonar: Sámi allaskuvla og Høgskulen på Vestlandet.

Det teoretiske rammeverket består hovedsakleg av teoriar om språkpolitikk (language policy) og språkforvaltning, og Bourdieus kanoniske litteratur om språkleg marknad og lingvistisk verdi. Studien vil kaste lys over språkforvaltning i akademia og bidra med ny kunnskap om og forståing av språkleg verdi, språkbruk og språksituasjonen i Norge.

Varigheit 

Januar 2016–januar 2020

Emneord: Flerspråklighet ideologier og språkpolitikk
Publisert 2. mars 2017 14:52 - Sist endret 14. mai 2019 17:23