Dag Schjelderup-Ebbe

Ein meget sentral musikkforskar som var med på å forme musikkvitskapen ved UiO, og var tilsett ved IMV i  30 år.

Foto: freidigblogg.no

Dag Schjelderup-Ebbe (1926-2013) arbeidde ved IMV i 30 år, han blei dosent i 1964 og professor i 1973. Han studerte både i Noreg og USA, hadde M.A.-grad i musikkvitskap frå University of California, Berkeley, og gav gjesteforelesingar i USA frå 1950-talet. Schjelderup-Ebbe er nok mest kjent for si Grieg-forsking. Den tidlige utgivinga A Study of Grieg’s Harmony (Oslo 1953) var epokegjerande i dette feltet. Også Edvard Grieg. Mennesket og kunstneren (1980, 3. utgåve 2007), eit samarbeid mellom Schjeldrup-Ebbe og Finn Benestad, er eit vesentleg verk, som ser ut til å bli ståande som eit standardverk om Grieg. Schjelderup-Ebbe starta opp arbeide med å danne ein internasjonal komité for å få publisert Griegs samla verker i ei kritisk utgåve. Publikasjonane blei utgitt av C.F. Peters Musikverlag i perioden 1977-1995, og Schjelderup-Ebbe var sjølv ansvarleg for fire bind om klavermusikken.

Schjelderup-Ebbe var ein musikkforskar med mange interessefelt. I tillegg til Griegforskinga publiserte han eit sentralt verk om Johan Svendsen, og skreiv om mellom anna Halfdan Kjerulf og Fartein Valen. Han underviste også i harmonilære og ulike musikkhistoriske fag. Schjelderup-Ebbe publiserte både på norsk og engelsk, i ei tid då engelskspråklege publikasjonar ikkje var vanleg.

Les meir om Dag Schjelderup-Ebbe i Store norske leksikon, der Arvid O. Vollsnes har skrive artikkelen om han.

Kjelder: Store norske leksikon, Arvid O. Vollsnes, Asbjørn Ø. Eriksen.

Publisert 2. apr. 2014 17:50 - Sist endret 23. juni 2014 14:18