Finn Benestad

Instituttstyrer ved IMV i meir enn eit årti, ein av verdas ledande Griegforskarar og ein viktig person i forminga av musikkvitskapen ved UiO.

Foto: Freidig forlag

Finn Benestad (1929 – 2012) vart professor i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo i 1965, og arbeidde ved IMV i over 30 år, til han tok avskjed 1998. Han var instituttstyrer ved IMV frå 1965 til 1977, og seinare i fleire perioder etter det. Under hans leiarskap gjekk musikkvitskapen ved UiO gjennom ei enorm utvikling. I tenkinga om kva musikkvitskap skulle vere var Benestad viktig. Han ønskte å endre musikkvitskapsfaget frå å vera reint teoretisk til også å inkludere det praktiske, og han fekk innretta øverom og skaffa instrumentar og avspelningsutstyr til instituttet. Benestad var mild, men bestemt som person, ein klar og real type som var flink til å overtyde. Han var ein bevisst og nennsam miljøbyggar, og klarte å få stillingar til folk i kampen med store fag som historie og liknande kjempar.

Benestad vart dr.philos. i 1961 med avhandlinga Johannes Haarklou. Mannen og verket. Ein anna viktig publikasjon er Benestads musikklære, som sidan førsteutgåva i 1963 har vore eit standardverk i norsk musikkundervising i over 40 år, og har utkome i fleire opplag og fire utgåver. Også Benestads bok om musikkestetikk, Musikk og tanke, er ein viktig publikasjon, som har kome i  fleire opplag og utgåver. Som Griegforskar er Benestad svært sentral. Edvard Grieg. Mennesket og kunstneren (1980, 3. utgåve 2007), eit samarbeid mellom Benestad og Dag Schjeldrup-Ebbe, er eit vesentleg verk, som ser ut til å bli ståande som eit standardverk om Grieg.

Finn Benestad har utvilsamt vore ein viktig person både for IMV som institutt, og for musikkvitskapen som fag. I sine minneord ved Benestads bortgang i 2012, skreiv Jon - Roar Bjørkvold:

Dagens musikkvitenskapelige miljø ved Universitetet i Oslo er oppsiktsvekkende bredt og frodig. Det favner på tvers ikke bare av de forskjelligste musikkfaglige felter, men også på tvers av fakulteter. Denne åpenbare arven fra Finn Benestad er således per i dag godt forvaltet. Og jeg vet at dette mangfoldet frydet ham. Finn Benestad gjorde døren høy og porten vid. Stødig med sitt, raus med vårt. Vi takker deg, Finn.

Les meir om Finn Benestad i Norsk biografisk leksikon.

Kjelder: Arvid O. Vollsnes, Asbjørn Eriksen, Norsk biografisk leksikon.

Publisert 2. apr. 2014 17:50 - Sist endret 23. juni 2014 14:35